9289_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9289
Kraftig auke i gjeldsrentene
statistikk
2008-12-10T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig auke i gjeldsrentene

Skattelikninga for 2007 syner eit samla frådrag for renteutgifter på 90 milliardar kroner. Dette var ein auke på 27 milliardar eller 43 prosent frå året før. Auken kjem av eit høgare rentenivå og at gjelda auka med 12 prosent.

2,6 millionar personar hadde frådrag for renteutgifter i 2007, dette var om lag 58 000 fleire personar enn i 2006. Samla inntektsfrådrag auka med 16 prosent til 325 milliardar kroner i 2007. Minstefrådraget er det største av inntektsfrådraga med 188 milliardar.

Auka bruttoinntekt

Bruttoinntekt eller sum registrerte skattepliktige inntekter utgjorde 1 194 milliardar kroner i 2007, ein auke på vel 11 prosent frå året før. Lønnsinntekta auka med nær 10 prosent til 842 milliardar, og renteinntektene auka med vel 90 prosent til 27 milliardar kroner. Nominell innskottsrente auka frå 2,6 prosent ved utgangen av 2006 til 4,4 prosent ved utgangen av 2007. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for busette personar 17 år og over utgjorde 322 500 kroner i 2007.

Auka skattepliktig nettoformue

Skattepliktig nettoformue var på 480 milliardar i 2007, ein auke på 19 prosent frå året før. I 2007 vart skatteverdien av fast eigedom auka med 10 prosent, medan verdsetjinga av aksjar og andre verdipapir auka frå 80 til 85 prosent av marknadsverdi. Dette er med på å forklare veksten i nettoformuen, saman med auka banksparing og verdistigning på aksjar. I gjennomsnitt har busette personar 129 700 kroner i skattepliktig nettoformue.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle personar med eit likningsforhold til Noreg. Bruttoinntekta omfattar alle registrerte skattepliktige inntekter før inntektsfrådrag. Skattefritt aksjeutbyte er lagt til bruttoinntekta, renteinntekter som vert skattelagt ekstra og uttak frå deltakarlikna selskap er trekt ut av bruttoinntekta. Skattefri vinst ved sal av aksjar er ikkje lagt til bruttoinntekta. For meir informasjon om datagrunnlaget, sjå Om statistikken .

Tabeller: