9291
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9291
Nedgang i samla bruttoinntekt
statistikk
2007-11-29T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i samla bruttoinntekt

Busette personar i alderen 17 år og oppover hadde ei samla skattepliktig bruttoinntekt på 1 071 milliardar kroner ved likninga 2006. Dette var ein nedgang på 35 milliardar kroner, eller 3 prosent, frå året før.

Nedgangen kjem i hovudsak av reduksjon i motteke aksjeutbyte og næringsinntekt for personlege næringsdrivande. Lønnsinntekta auka med 59 milliardar eller vel 8 prosent.

Nye reglar gav mindre utbyte

Frå og med inntektsåret 2006 blei det innført nye skattereglar. Blant anna var aksjeutbyte utover skjerming skattepliktig frå 2006. I 2005, då utbyte var skattefritt for mottakar, utgjorde motteke utbyte 99,3 milliardar kroner, medan det i 2006 var på 7,4 milliardar kroner inklusive skjerming.

Sjølv om samla skattepliktig bruttoinntekt blei redusert, har dei fleste hatt ein auke i bruttoinntekta. Ved å fordele personar etter storleiken på bruttoinntekta ser vi at firedelen av befolkninga med høgast bruttoinntekt har hatt ein nedgang på 12 prosent i gjennomsnittleg bruttoinntekt frå 2005 til 2006, medan resten av befolkninga har hatt ein auke i bruttoinntekta. At nedgangen kjem blant dei med høgast bruttoinntekt, kjem av at det er denne gruppa som mottek mesteparten av aksjeutbyte og dermed fekk størst nedgang i aksjeutbyte.

Ved å sjå på utlikna skatt i forhold til bruttoinntekta har gjennomsnittleg skatteprosent auka med 2 prosentpoeng til 25 prosent i 2006. Ved å fordele etter storleiken på bruttoinntekta finn vi endringa blant dei 25 prosentane av befolkninga med høgast bruttoinntekt. For desse personane har skatteprosenten auka frå 26 til nærare 31 prosent. For resten av befolkninga er skatteprosenten nær uendra. For den prosenten av befolkninga som har høgast bruttoinntekt, har utlikna skatt som del av bruttoinntekt auka frå 17,2 prosent i 2005 til 36,5 prosent i 2006. I den same perioden steig utlikna skatt med 5 prosent.

Frådrag i inntekta vaks

Over 3,5 millionar personar hadde inntektsfrådrag på til saman 279,6 milliardar kroner. Dette var ein auke på nærare 9 prosent frå året før. Den største auken i frådrag finn ein for renter av gjeld med 20 prosent, medan minstefrådraget steig med 8 prosent. Gjennomsnittleg frådrag i inntekta var på 76 700 kroner.

Dobling av skattepliktig nettoformue

Skattepliktig nettoformue vart meir enn dobla frå 2005 til 2006. Sum skattepliktig nettoformue utgjorde 404 milliardar kroner i 2006, noko som svarar til 110 700 kronar i gjennomsnittleg nettoformue. I 2006 blei likningsverdi av fast eigedom auka med 25 prosent, medan verdsettinga av aksjar og andre verdipapir auka frå 65 til 80 prosent av marknadsverdi. Dette er med på å forklare den store veksten i nettoformuen. På grunn av nye regler (sjå boks) var det færre som fekk utlikna formuesskatt i 2006, medan sum formuesskatt auka.

Nye reglar

Det skattefrie beløpet ved berekning av formuesskatt utgjorde 200 000 kroner per person i 2006 mot 151 000 for einslege og 181 000 kroner for ektepar i 2005.

For inntektsåret 2006 bereknar ein ikkje personinntekt for aktive eigarar i aksjeselskap og deltakarliknande selskap. Skattepliktig aksjeutbyte inngår i allmenn inntekt, medan utbyte under skjerming er skattefritt. Ein bereknar ikkje lenger godtgjerslefrådrag på aksjeutbyte, men det er framleis råd å framføre slike frådrag frå tidligare år.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratets register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle personar med eit likningsforhold til Noreg. Allmenn inntekt etter særfrådrag omfattar alle skattepliktige inntekter fråtrekt inntektsfrådrag, og er grunnlag for berekning av kommune-, fylkes- og fellesskatt. Bruttoinntekta omfattar alle skattepliktige inntekter (før inntektsfrådrag). I 2006 er skattefritt aksjeutbyte lagt til bruttoinntekta, renteinntekter som skattleggjast ekstra og uttak frå deltakarlikna selskap er trekt ut av bruttoinntekta.

For meir informasjon om datagrunnlaget, sjå Om statistikken .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB