9295
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9295
Kvar fjerde krone til skatt
statistikk
2005-12-20T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kvar fjerde krone til skatt

Busette personar 17 år og eldre hadde i gjennomsnitt 280 500 kroner i bruttoinntekt og 65 600 kroner i inntektsfrådrag i 2004. Utlikna skatt utgjorde i gjennomsnitt 68 900 kroner eller 24,6 prosent av bruttoinntekta.

Ved å dele personane inn i personlege næringsdrivande og lønnstakarar og pensjonistar, har dei næringsdrivande ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 434 000 kroner medan lønnstakarar og pensjonistar hadde 264 400 kroner. Inntektsfrådraga for dei to gruppene utgjorde respektive 97 500 og 62 200 kroner. Utlikna skatt utgjorde 27,4 prosent av bruttoinntekta for næringsdrivande, medan tilsvarande prosent for lønnstakarar og pensjonistar var 24,1.

Mindre inntektsfrådrag

Samanlikna med året før, auka bruttoinntekta med vel 3 prosent medan inntektsfrådraga gjekk ned med 5 prosent. Nedgangen i frådraga skuldast i hovudsak ein nedgang i renter av gjeld frå 18 100 kroner i gjennomsnitt i 2003 til 13 700 kroner i 2004. Gjennomsnittlig minstefrådrag auka frå 37 100 kroner i 2003 til 40 700 kroner i 2004.

Meir gjeld og meir pengar i banken

Gjennomsnittleg gjeld auka med 11 prosent i 2004 samanlikna med året før. Ein vaksen person hadde i gjennomsnitt 355 600 kroner i gjeld i 2004. Den låge renta gjer det gunstig å ha lån, men mindre gunstig å ha pengar i banken. Likevel auka gjennomsnittleg bankinnskott med 5 prosent frå året før til 137 300 kroner i 2004.

Bruttoinntekt ved likninga

I alt 3,7 millionar personar hadde bruttoinntekt ved likninga i 2004. Busette personar 17 år og eldre utgjorde til saman 3,5 millionar av desse. I tillegg kjem utlendingar som har eigedom i Noreg eller som har eit midlertidig arbeidsforhold i landet. Statistikken viser at nær alle vaksne busette personar rapporterte ei eller anna form for inntekt i sjølvmeldinga for 2004, og 91 prosent fekk utlikna skatt.

Lønnsinntekt og næringsinntekt

Gjennomsnittleg lønnsinntekt for busette personar 17 år og over utgjorde 189 000 kroner, ein gjennomsnittleg auke på vel 5 000 kroner eller 2,8 prosent samanlikna med 2003. Lønnstakarar og pensjonistar hadde i snitt 193 200 kroner i lønnsinntekt medan personlege næringsdrivande i gjennomsnitt hadde 149 000 kroner i lønnsinntekt. Dei vel 339 000 personlege næringsdrivande hadde i tillegg i gjennomsnitt 182 300 kroner i næringsinntekt.

Kapitalinntekter

Busette personar 17 år og eldre hadde i gjennomsnitt 27 100 kroner i skattepliktige kapitalinntekter, ein auke på 1 300 kroner i gjennomsnitt frå året før. Personlege næringsdrivande hadde i gjennomsnitt 67 100 kroner i kapitalinntekter medan lønnstakarar og pensjonistar i snitt hadde 22 900 kroner.

Inntekt frå eigen bustad

Nær halvparten av alle vaksne personar hadde inntekt frå prosentlikna bustad. I gjennomsnitt hadde desse 3 700 kroner i prosentlikna inntekt. Denne berekna inntekta fell bort frå og med inntektsåret 2005.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle personar med eit likningsforhold til Noreg. Næringsdrivande er definerte som alle personar med næringsinntekt, underskott frå næring og/eller berekna personinntekt frå næringsverksemd. For meir informasjon om datagrunnlaget, sjå Om statistikken .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB