9297
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9297
Gjelda aukar
statistikk
2005-09-06T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Gjelda aukar

Tal frå skatteoppgjeret 2004 for lønnsmottakarar og pensjonistar, syner at gjennomsnittleg gjeld utgjorde 286 000 kroner. Dette var 28 000 kroner eller 11 prosent meir enn året før. Personar i aldersgruppa 35 til 44 år har i gjennomsnitt 500 000 kroner i gjeld, ein auke på 45 000 kroner eller 10 prosent samanlikna med 2003. Tilsvarande tal for aldersgruppa 25 til 34 år var 458 000 kroner, ein auke på nærare 35 000 kroner eller 8 prosent.

Gjennomsnittleg gjeld for personar under 25 år utgjorde 81 000 kroner, ein auke på 9 000 kroner eller vel 12 prosent samanlikna med 2003. Aldersgruppa 67-79 år tok opp 13 000 kroner eller 20 prosent meir lån i 2004, medan personar over 80 år hadde ei gjennomsnittlig gjeld på 39 000 kroner ved utgangen av 2004 eller nær 5 000 kroner meir enn året før.

Høgast var gjennomsnittleg gjeld for personar likna i Oslo og Akershus med 365 000 og 351 000 kroner. Dette var ein auke på 11 prosent samanlikna med 2003. Lågast gjeld hadde personar i Sogn og Fjordane og Oppland med 210 000 kroner og 211 000 kroner, ein auke på 10 og 9 prosent.

Svak auke i bruttoinntekta

Gjennomsnittlege bruttoinntekter for lønnsmottakarar og pensjonistar utgjorde i underkant av 241 000 kroner, ein auke på 2 prosent samanlikna med 2003. Lønnsinntekter auka i gjennomsnitt med 2,5 prosent, medan pensjonar og trygd auka med 5 prosent i perioden. Personar i aldersgruppa 45 til 54 år hadde høgast bruttoinntekt med i gjennomsnitt 335 000 kroner, ein auke på i underkant av 3 prosent frå 2003. Til samanlikning hadde personar mellom 35 og 44 år i gjennomsnitt 322 000 kroner, ein auke på 2 prosent i perioden.

Gjennomsnittlege bruttoinntekter var høgast i Oslo og Akershus med respektive 285 000 kroner og 283 000 kroner. Personar i Nord-Trøndelag og Hedmark hadde dei lågaste gjennomsnittlege bruttoinntektene med 204 000 kroner og 208 000 kroner.

Bankinnskota aukar

Mange lønnsmottakarar og pensjonistar held fram med å setje pengar i banken sjølv med rentenedgang i 2004. Gjennomsnittleg bankinnskot for lønnsmottakarar og pensjonistar utgjorde vel 117 000 kroner i 2004, ein auke på 5 000 kroner eller nærare 5 prosent samanlikna med 2003. Gjennomsnittlege bankinnskot auka med alderen. Personar i aldersgruppa 67 til 79 år hadde i gjennomsnitt 238 000 kroner i banken, medan personar i aldersgruppa 25 til 34 år i gjennomsnitt hadde 57 000 kroner. Personar 63 år og eldre hadde høgare gjennomsnittlege bankinnskot enn gjeld.

Personar i Oslo og Sogn og Fjordane hadde i gjennomsnitt høgast bankinnskot med 142 000 kroner og 136 000 kroner. Minst sparing i bank hadde personar i Finnmark og Østfold med gjennomsnittlege bankinnskot på 86 000 kroner og 96 000 kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på data frå Skattedirektoratet sitt skatteoppgjer i juni og i 2004 omfattar 3 077 263 lønnsmottakarar og pensjonistar som hadde frist med å levere sjølvmeldinga 30. april. Resten av oppgjeret for forskotspliktige vert lagt ut i oktober. Dette gjeld næringsdrivande, lønnsmottakarar og pensjonistar som er gift med næringsdrivande, samt lønnsmottakarar og pensjonistar med meir komplisert likning. I samband med oppgjeret i oktober kan tal frå oppgjeret i juni verte korrigerte.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB