9299_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9299
Vi låner stadig meir pengar
statistikk
2005-02-04T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Vi låner stadig meir pengar

Nordmenn si samla gjeld auka med 10 prosent frå 2002 til 2003. I gjennomsnitt hadde vi 322 000 kroner i gjeld, ein auke på 28 000 kroner.

Det var personar i Oslo, Akershus og Rogaland som hadde høgast gjeld, alle med over 350 000 kroner i gjennomsnitt. Det var òg personar i desse fylka som hadde høgast bruttoinntekt.

Aldersgruppa 25-34 år hadde 457 300 kroner i gjennomsnittleg gjeld. Til samanlikning hadde personane mellom 35-44 år høgast gjeld med 518 100 kroner i snitt. Personar omkring 30 år, som eig eigen bustad, har nærare tre kvart million i gjeld. Dei med eigen bustad var generelt yngre då gjelda var på topp, samanlikna med dei som ikkje eig bustaden sin.

Gjennomsnittleg gjeld fordelt etter alder og om ein eig eller ikkje eig eigen bustad. 2003. Kroner

Lågare renteutgifter

Vi betalte 9,5 prosent mindre i renter av gjeld i 2003 enn året før. I gjennomsnitt betalte vi 18 000 kroner i renter. Det var aldersgruppa 35-44 år som betalte mest, med 30 000 kroner i gjennomsnitt. Utlånsrenta gjekk ned frå 8,7 prosent i 2002 til 4,7 prosent året etter, og er truleg ei viktig årsak til opptak av nye lån. Personar med eigen bustad betalte tre gonger så mykje renter av gjeld, samanlikna med dei som ikkje eig eigen bustad.

Dårlegare vilkår for banksparing

Innskotsrenta følgjer utlånsrenta. Dette har medført at vi i snitt mottok 1 700 kroner mindre i renter i 2003 enn i 2002. I gjennomsnitt fekk vi 5 600 kroner i renter av bankinnskot. Sjølv om rentesatsen gjekk ned, fortsette folk å setje pengar på bok. Innskota våre auka med 6 400 kroner til 130 600 kroner i gjennomsnitt.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikkgrunnlaget byggjer på eit utdrag frå Skattedirektoratet sitt register over sjølvmeldingar ved ordinær likning, og omfattar alle personar med eit likningsforhold til Noreg. I tabellane er nytta tal for busette personar 17 år og eldre. Endring i rutinar og fristar ved likninga av næringsdrivande for inntektsåret 2003, gjer at næringsinntekta ikkje heilt kan samanliknast med åra før. Årsaka til dette er meir nettoføringar. Mellom anna er jordbruksfrådraget trekt frå næringsinntekta før den vert ført i sjølvmeldinga.

Tabeller: