9301
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9301
Aksjeutbytet til værs
statistikk
2004-01-29T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Aksjeutbytet til værs

Norske hushald mottok 42,5 milliardar kroner i aksjeutbyte i 2002, eller 29 milliardar kroner meir enn året før. Dette heng mellom anna saman med at motteke aksjeutbyte på nytt vart skattefritt i 2002.

I perioden 1993 til 2000 var motteke aksjeutbyte skattefritt. Aksjeutbyte vedteke utdelt etter september 2000 utover 10 000 kroner, vart skattlagt med 11 prosent. 338 900 personar mottok i gjennomsnitt 125 600 kroner i aksjeutbyte i 2002. Dette er 11 500 fleire enn året før då gjennomsnittet utgjorde 40 400 kroner. Det er særleg personar med mykje aksjeutbyte som har hatt vekst i motteke aksjeutbyte.

Bruttoinntekt

Bruttoinntekta var på 927,4 milliardar kroner i 2002, ein auke på 71,8 milliardar eller vel 8 prosent frå 2001. Av dette utgjorde auken i aksjeutbytet 29,3 milliardar kroner eller vel 40 prosent av auken.

Aksjeutbyte mekrekna utanlansk aksjeutbyte i milliardar kroner. 1993-2002

Lønnsinntekt

Lønnsinntekta utgjorde nærare 68 prosent av bruttoinntekta i 2002 og var på 627,7 milliardar kroner. Frå inntektsåret 2002 blei attførings- og rehabiliteringspengar førte som lønn, medan dette tidlegare år vart førte som ytingar frå folketrygda. Attførings- og rehabiliteringspengar utgjorde nærare 12 milliardar kroner i 2002. Lønnsinntekt utan attføringspengar auka med 5,4 prosent frå 2001 til 2002. Ytingar frå folketrygda medrekna attføringspengar syner ein auke på 8,5 prosent.

Frådrag

Dei totale frådraga auka med nær 20 milliardar kroner frå 2001. Av dette utgjorde minstefrådrag og renter av gjeld den største auken, med respektive 9 og 5 milliardar kroner. 929 000 personar har frådrag for premie og tilskot til pensjonsordning i arbeidsforhold på til saman 4,1 milliardar kroner.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt og frådrag for personar 17 år og over var respektive 262 800 kroner og 69 400 kroner i 2002.

Gjeld og nettoformue

Medan bruttoformuen berre auka med 2 prosent frå 2001 til 2002, til 1 406,8 milliardar kroner, auka gjelda med over 9 prosent, til 1 037,5 milliardar kroner i same periode. Dette førte til at nettoformuen blei redusert med nær 14 prosent i denne perioden. Av formuespostane med størst nedgang finn vi partar i aksjefond og verdipapir registrerte i Verdipapirsentralen, dei har ein nedgang på respektive 38 og 17 prosent frå 2001. Størst auke har bankinnskot med 11 prosent frå 2001, til 438,4 milliardar kroner. Dette er nærare 129 000 kroner i snitt for alle som har bankinnskot.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikkgrunnlaget omfattar 4 723 338 personar med eit likningsforhold til Noreg, medrekna 2 013 personar på Svalbard. Av desse er 4 545 950 busette i landet, medan 177 388 anten er dødsbu, utvandra eller av andre grunnar likna i Noreg utan å bu her. I tabellane er det nytta tal for busette personar 17 år og eldre. Ved utgangen av 2002 var dette 3 528 680 personar.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB