9305
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9305
Sterk vekst i frådraga
statistikk
2003-01-30T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk vekst i frådraga

Dei samla inntektsfrådraga auka med 29,3 milliardar kroner eller 15 prosent frå 2000 til 2001, og var på 225,3 milliardar kroner. Renter av gjeld auka med 11,4 milliardar kroner, medan minstefrådraget auka med 9,4 milliardar kroner.

I perioden 1998-2001 har dei samla inntektsfrådraga auka med nærare 40 prosent, medan bruttoinntekta har auka med knapt 20 prosent. Inntektsfrådraga utgjorde i gjennomsnitt 65 700 kroner for busette personar 17 år og eldre i 2001. Minstefrådraget utgjer om lag halvparten av inntektsfrådraga, medan renter av gjeld står for nærare 30 prosent. Auken i minstefrådraget kjem i stor grad av endring i maksimumssatsen, som i 2001 var på 40 300 kroner. Minstefrådraget var på til saman 114,4 milliardar kroner, og renter av gjeld utgjorde 65,4 milliardar kroner. Dei til saman 2 291 000 personane med renter, betalte i gjennomsnitt 28 500 kroner i renter på gjeld.

Tap ved sal av aksjar auka med 180 prosent frå 2000 til 2001, til 9,5 milliardar kroner. Dette gav eit gjennomsnitt på 66 500 kroner for dei 143 000 personane som selde aksjar med tap. Nesten dobbelt så mange personar tapte på sal av aksjar i 2001 samanlikna med året før.

Redusert allmenn inntekt

Som konsekvens av at inntektsfrådraga auka meir enn bruttoinntekta, vart allmenn inntekt nesten 3 milliardar kroner lågare enn i 2000. Det er første gongen sidan 1993 at allmenn inntekt vart redusert. Bruttoinntekta auka med 26,3 milliardar kroner frå 2000 til 855,6 milliardar i 2001.

Sterk reduksjon i motteke aksjeutbyte

Samla motteke aksjeutbyte i hushalda vart sterkt redusert i 2001. Ei av årsakene til dette var ekstra utlikna skatt på utbyte for delar av 2000 og heile 2001. Personar som mottok aksjeutbyte fekk redusert godtgjersle på motteke utbyte utover 10 000 kroner, ein regel som vart oppheva frå og med 1. januar 2002. Medan det var ein auke på 10,1 milliardar kroner i motteke aksjeutbyte for personlege aksjeeigarar frå 1999 til 2000, var det ein nedgang på 16 milliardar kroner frå 2000 til 2001. Det var likevel 24 200 fleire personar som mottok utbyte i 2001 enn året før. Motteke aksjeutbyte var på 19,1 milliardar kroner i 1999, 29,3 milliardar i 2000 og 13,2 milliardar i 2001. 82 prosent av alt motteke aksjeutbyte fekk redusert godtgjersle i 2001.

Vinst ved sal av aksjar vart redusert med 55 prosent til 8,3 milliardar kroner frå 2000 til 2001. I 2001 var gjennomsnittet på 40 400 kroner for dei 167 100 personane som selde aksjar med vinst. Året før selde 234 400 personar aksjar med ein gjennomsnittleg vinst på 78 800 kroner.

Bruttoinntekt

24 400 busette personar 17 år og eldre hadde ikkje bruttoinntekt. I den andre enden av fordelinga ser ein at talet på personar med bruttoinntekt over 1 million kroner har gått ned med 5 prosent frå 2000 til 2001. Dette siste kan forklarast med lågare aksjeutbyte og nedgangen på børsen.

Bruttoinntekt, som inneheld lønnsinntekt, pensjonar, inntekt frå næringsverksemd og kapitalinntekter, utgjorde i gjennomsnitt 245 600 kroner for personar med inntekt i 2001. Gjennomsnittleg lønnsinntekt var på 231 500 kroner i 2001, ein auke på 5,5 prosent frå året før.

Dei 10 prosent av personane med høgast bruttoinntekt, mottok over 27 prosent av all inntekt. Bruttoinntekta for desse utgjorde i gjennomsnitt 679 100 kroner. Den prosenten med aller høgast bruttoinntekt, har over 7 prosent av inntekta med eit gjennomsnitt på 1 752 000 kroner.

Redusert nettoformue

Gjelda auka meir enn bruttoformuen, noko som førte til at nettoformuen vart redusert, når vi reknar om til faste prisar. Samla bruttoformue utgjorde heile 1 376 milliardar kroner, medan nettoformuen var på 428 milliardar kroner.

Verdipapir registrerte i Verdipapirsentralen fekk redusert likningsverdi med 622 millionar kroner frå 2000 til 2001. Verdipapir som ikkje er registrerte i Verdipapirsentralen, fekk i same periode ein auke i likningsverdien på nærare 5 prosent, til 146,7 milliardar kroner. Summen av bankinnskot auka med 10 prosent frå 2000, til 393,5 milliardar kroner. Personar med bankinnskot hadde i gjennomsnitt 116 500 kroner i banken. Likningsverdien av partar i aksjefond gjekk ned med 19 prosent frå 2000 til 2001, og ikkje uventa sett i høve til utviklinga på børsen.

Meir gjeld

Gjelda auka med nærare 92 milliardar kroner, eller 11 prosent, til 948,4 milliardar i 2001. Personar med gjeld hadde i gjennomsnitt 417 400 kroner i gjeld, mot 383 800 kroner året før. Høgast nettoformue hadde aldersgruppa 67-79 år med eit gjennomsnitt på 459 100 kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikkgrunnlaget omfattar 4 690 252 personar med eit likningsforhold til Noreg, medrekna 1 983 personar på Svalbard. Av desse er 4 520 879 busette i landet, medan 169 373 anten er dødsbu, utvandra eller av andre årsaker likna i Noreg utan å bu her. I tabellane er det nytta tal for busette personar 17 år og eldre. Ved utgangen av 2001 var dette 3 508 217 personar. Frå og med 2000 er personar likna på Svalbard med i statistikken. Det var 1 458 busette personar 17 år og eldre med eit likningsforhold til Svalbard i 2001. Dei fleste av desse er likna både på fastlandet og på Svalbard.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB