9307_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9307
Mange tente godt på aksjar
statistikk
2002-02-01T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Mange tente godt på aksjar

Motteke aksjeutbyte for personlege aksjeeigarar utgjorde 29,3 milliardar kroner i 2000. Dette var ein auke på heile 53 prosent samanlikna med 1999. Frå 1997 til 2000 auka aksjeutbyte med 127 prosent.

Det var til saman 303 000 personar som mottok aksjeutbyte i 2000, med eit gjennomsnittleg utbyte på 96 500 kroner. Aksjeutbyte var særs ujamt fordelt mellom aksjeeigarane. Tre firedelar av mottakarane fekk utbetalt under 10 000 kroner i aksjeutbyte, medan dei 5 000 personane med høgast utbyte mottok over 3,5 millionar kroner i gjennomsnitt eller heile 63 prosent av utdelt utbyte til personar dette året.

Også andre kapitalinntekter auka monaleg i 2000. Vinst ved sal av aksjar steig til dømes med heile 85 prosent frå 1999 til 2000, til 18,5 milliardar kroner. I gjennomsnitt fekk dei 234 400 personane som realiserte aksjar i 2000 ein vinst på 78 800 kroner kvar. Det var 50 prosent fleire som hadde vinst ved sal av aksjar i 2000 samanlikna med året før.

To tredelar av inntekta var løn

Dei skattepliktige lønnsinntektene dvs. løn, honorar, skattepliktige sjukepengar og dagpengar utgjorde til saman 550,4 milliardar kroner i 2000. Dette var ein auke på 5,3 prosent frå året før. Ser ein på løn som del av samla bruttoinntekt, var denne 66,4 prosent i 2000 eller 2 prosentpoeng mindre enn året før. Nedgangen i delen løn motsvarar auken i vinst ved sal av aksjar og motteke aksjeutbyte som utgjorde 5,8 prosent av bruttoinntekta i 2000.

Frådraga auka meir enn inntektene

Frå 1997 til 2000 har frådraga auka meir enn bruttoinntekta. Medan bruttoinntekta har auka med 26 prosent frå 1997 har frådraga auka med 35 prosent. Det er minstefrådraget som står for storparten av auken frå 1999 til 2000. Personar med minstefrådrag førte i gjennomsnitt 31 900 kroner på denne posten mot 28 000 kroner i 1999. Renter av gjeld utgjorde vel 27 prosent av totale frådrag, med eit gjennomsnitt på 23 600 kroner for dei med renter av gjeld.

Færre fører reiseutgifter

Den skattefrie grensa for reiseutgifter blir sett stadig høgare, noko som har ført til ein nedgang på 8,3 prosent i talet på personar med reisefrådrag. Reiseutgifter førte som frådrag gjekk ned med 5,4 prosent. Det var 524 500 personar som fekk godkjent frådrag for reiseutgifter med eit snitt på 11 000 kroner kvar.

Auka inntekter av hus og hytter

Inntekter av hus og hytter steig med nesten 15 prosent frå 1999 til 2000. Dette heng saman med at likningsverdien av både hus og hytter blei sett opp med 10 prosent, i tillegg til nye hus med høge likningstakstar. Nesten kvar annan person førte opp verdi av eigen bustad, anten som sjølveigar eller i bustadselskap.

Av fylka var det Akershus, Vestfold og Møre og Romsdal som hadde høgast inntekt og formue av eigen bustad.

Meir formue

Nordmenn har dei siste åra fått stadig høgare skattepliktig formue. Finansformuen (dvs. verdien av bankinnskot, aksjar og andre verdipapir) auka frå 1999 til 2000 med vel 11 prosent, eller 74,3 milliardar kroner. I same periode auka realkapitalen til norske hushald med 46,8 milliardar kroner, eller 9,4 prosent. Merk likevel at tala for realkapital berre er baserte på likningsverdiar, og ligg lågare enn faktisk verdi.

Samla skattepliktig bruttoformue i 2000 var 1 281 milliardar kroner, der 737,4 milliardar kroner var finanskapital og 543,5 milliardar kroner var realkapital.

Og meir gjeld

Men også gjelda til norske hushald har auka dei siste åra. Summen av all gjeld som blei ført til fråtrekk ved likninga var på 856,5 milliardar kroner i 2000. Dette var 383 800 kroner i gjennomsnitt for kvar person med gjeld i 2000, mot 352 300 kroner i snitt i 1999. Gjelda auka med 10 prosent frå 1999, eller med knapt 80 milliardar kroner.

Statistikkgrunnlaget omfattar 4 677 097 personar med eit likningsforhold til Noreg, medrekna 1 880 personar på Svalbard som er med for fyrste gong. Av desse er 4 502 510 busette i landet, medan 174 587 anten er dødsbu, utvandra eller av andre årsaker likna i Noreg utan å bu her. I tabellane har vi nytta tal for busette personar 17 år og eldre, som ved utgangen av 2000 utgjorde 3 494 949 personar. Frå og med 2000 er personar likna på Svalbard med i statistikken. Det var 1 420 busette personar 17 år og eldre med eit likningsforhold til Svalbard i 2000. Dei fleste av desse er likna både på fastlandet og på Svalbard.

Tabeller: