9309
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9309
Sterk auke i kapitalinntektene
statistikk
2001-02-01T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk auke i kapitalinntektene

Norske hushald hadde ein auke i kapitalinntektene på vel 10,1 milliardar kroner i 1999, eller med 18,6 prosent samanlikna med året før. Dei kapitalinntektene som auka mest var renter av bankinnskot med 4,4 milliardar, vinst ved sal av aksjar med 3,7 milliardar og aksjeutbyte med 1,4 milliardar kroner.

Statistikken syner at kapitalinntektene utgjorde 64,6 milliardar kroner eller om lag 8 prosent av samla bruttoinntekt i norske hushald dette året. Renter av bankinnskot, sal av aksjar og aksjeutbytte utgjorde i alt 46,3 milliardar kroner.

 Kapitalinntekter i milliardar kroner. 1993-1999

10 milliardar i vinst ved sal av aksjar

1999 var eit svært godt år for aksjeeigarane. Frå 1998 til 1999 steig vinsten ved sal av aksjar med heile 60 prosent, til nær 10 milliardar kroner. 155 900 personar hadde i gjennomsnitt 63 900 kroner i vinst ved sal av aksjar i 1999.

Fleire har meir i aksjeutbyte

Også aksjeutbytet auka i 1999. Motteke aksjeutbyte var på i alt 19,1 milliardar kroner. Samanlikna med 1993 var dette ein auke på 160 prosent. Talet på mottakarar av aksjeutbyte var derimot relativt stabilt i same periode, og auka berre med snaue 17 000 personar, eller med om lag 6 prosent. I 1999 mottok såleis 281 300 personar i gjennomsnitt 68 000 kroner i aksjeutbyte, medan gjennomsnittet for dei 264 400 mottakarane av aksjeutbyte seks år tidlegare var på 27 700 kroner. I 1993 mottok 1 300 personar 1 million kroner eller meir i aksjeutbyte. I 1999 var talet auka til nær 3 400 personar.

Høge renteinntekter

Medan aksjevinstar og aksjeutbyte har svinga i takt med utviklinga på aksjemarknaden, blir utviklinga i renteinntektene påverka av rentenivået. Som eit resultat av renteoppgangen i 1998 og 1999 var det ein kraftig vekst i renteinntektene desse to åra. Frå 1998 til 1999 auka samla renteinntekter med 34 prosent, frå 12,8 milliardar kroner til 17,2 milliardar kroner. Dette gav ei gjennomsnittleg renteinntekt på 4 900 kroner i 1999.

Vi sparer meir i verdipapir

Utviklinga i kapitalinntektene må òg sjåast i samanheng med ein sterk vekst i finansformuen til folk. Både sparing i bank og sparing i andre verdipapir, som til dømes aksjar, obligasjonar og grunnfondsbevis, har auka kraftig dei siste åra. Spesielt er sparing i verdipapir blitt stadig meir populært. Frå 1998 til 1999 auka samla brutto finanskapital med nesten 80 milliardar kroner, eller med om lag 14 prosent. Medan bankinnskota steig med 9 prosent, auka verdien av andre plasseringar i finansmarknaden med 18 prosent. Samla sparing i aksjar og andre verdipapir utgjorde i 1999 for fyrste gong ein større del av brutto finanskapitalen enn samla banksparing.

Låg vekst i realkapitalen

Verdien av realkapitalen til norske hushald stod nærmast stille mellom 1998 og 1999, og auka berre med 6,2 milliardar kroner til 496,7 milliardar kroner. Ei viktig forklaring kan vere at likningsverdien på bustader ikkje vart justert i 1999. Samla bruttoformue i 1999 var på 1 160 milliardar kroner.

7 prosent auke i gjelda

Den personlege gjelda auka med nær 58 milliardar kroner, og utgjorde ved utgangen av 1999 i alt 776,8 milliardar kroner. Personar med gjeld hadde i gjennomsnitt 352 300 kroner i gjeld mot 332 400 kroner i 1998. Men sidan gjelda ikkje auka like mykje som finanskapitalen, auka nettoformua i hushalda med 28 milliardar kroner frå 1998 til 1999.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikkgrunnlaget omfattar 4 633 002 personar med eit likningsforhold til Noreg. Av desse er 4 475 910 busette i landet, medan 157 092 anten er dødsbo, utvandra eller av andre årsaker likna i Noreg utan å bu her. I tabellane har vi nytta tal for busette personar 17 år eller eldre, som ved utgangen av 1999 utgjorde 3 477 840 personar.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB