9311_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/selvangivelse/arkiv
9311
Meir banksparing
statistikk
2000-02-03T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Inntekt og forbruk;Svalbard
no
selvangivelse, Skatt for personer, selvangivelse, skatteligning, personinntekt, lønnsinntekt, skattepliktige inntekter, kapitalinntekt, inntektsfradrag, skatt, gjeld, formue, bankinnskudd, aksjeutbytte, eiendommer i utlandet, bruttoinntekt, formuesskatt, toppskatt, restskatt, BSU (boligsparing for ungdom).Skatt for personer, Inntekt og formue , Inntekt og forbruk, Inntekt og forbruk, Svalbard
false

Skatt for personer1998

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Meir banksparing

Sjølvmeldingsstatistikken 1998 viser at talet på personar med bankinnskot auka med 186 600, eller 6 prosent frå 1997 til 1998. 96 prosent av alle personar har no pengar på bok. Samla bankinnskot auka frå 273 milliardar kroner i 1997 til 298 milliardar i 1998.

Blant årsakene til utviklinga kan vere uro i aksjemarknaden og renteoppgangen dette året. Sjølv om det blei meir populært å spare i bank i 1998, så utgjer banksparing samstundes ein stadig mindre del av folk si totale sparing. Banksparing i prosent av brutto finanskapital gjekk ned frå 61 prosent i 1996 til 51 prosent i 1998. Det tyder på at andre verdipapir som til dømes aksjar, obligasjonar og grunnfonds-bevis er meir populære i delar av befolkningen. Alle tal i teksten gjeld busette personar som er 17 år eller eldre.

Bankinnskot er den posten på sjølvmeldinga som er jamnast fordelt når ein ser på storleiken på bruttoinntekta. Den firedelen med lågast bruttoinntekt eig 13 prosent av alle bankinnskot, medan den høgaste firedelen eig 39 prosent. Blant dei formuespostane som er skeivast fordelte finn ein verdipapir utanfor Verdipapirsentralen, der til dømes den rikaste firedelen eig 92 prosent av alle slike verdipapir.

Frådrag

Talet på personar som betalte premie til individuell pensjonsavtale (IPA), gjekk ned også i 1998. Dette året var det 143 900 personar med slik avtale, mot 153 400 i 1997.

Det var 32 300 færre personar med frådrag for reiseutgifter i 1998 enn det var i 1997. Dette skuldast at grensa for frådragsberettiga reiseutgifter auka frå 6 000 til 7 000 kroner. Sum reisefrådrag har berre auka med ein snau prosent i same tidsrom. Gjennomsnittlege reiseutgifter for dei med frådrag auka frå 11 200 kroner i 1997 til 11 900 kroner i 1998.

Renter av gjeld auka frå 33,5 milliardar til 41,6 milliardar kroner frå 1997 til 1998, ein auke på 24 prosent. Det er ikkje like stor auke i talet på personar med renter av gjeld, berre 5 prosent fleire i 1998 enn i 1997. Sjølv om renter av gjeld auka, har ikkje sum gjeld auka like mykje, berre 6,3 prosent frå 676 milliardar kroner i 1997 til 719 milliardar i 1998. Talet på personar med gjeld auka berre med vel 2 prosent på same tida til 2 163 000 personar.

Bruttoinntekt

Samla bruttoinntekt auka med 8,9 prosent frå 1997 til 1998 til 715 milliardar kroner. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for personar med inntekt var 209 000 kroner i 1998. Nesten alle vaksne, heile 99 prosent, hadde skattepliktige inntekter.

Skattepliktig løn og naturalytingar auka med 9 prosent frå 449,9 milliardar kroner i 1997 til 490,6 milliardar i 1998. For personar med lønsinntekt var gjennomsnittet i 1998 på 199 000 kroner.

Pensjon

Inntektene frå tenestepensjon auka frå 22,3 til 24,8 milliardar kroner, eller 11,2 prosent. 16 prosent av alle vaksne hadde tenestepensjon, i gjennomsnitt 44 700 kroner. Ytingar frå folketrygda auka frå 83,5 milliardar kroner i 1997 til 91,8 milliardar i 1998. Det er no 30 prosent av den vaksne befolkninga som har ytingar frå folketrygda, og gjennomsnittleg yting for desse var 88 800 kroner. Til samanlikning var minstepensjon for ein einsleg person 77 360 kroner i 1998.

 Renter, vinst ved sal av aksjar og aksjeutbyte for busette personar 17 år eller eldre.  1996, 1997 og 1998

Vinst ved sal av aksjar

Det var ikkje like gunstig å selje aksjar i 1998 som i 1997 og vinst ved sal av aksjar var i snitt 28 prosent lågare enn i 1997. Årsaka var mellom anna nedgangen på Oslo Børs i 1998. Talet på personar som selde aksjar gjekk ned med 26 prosent i same tidsrom.

Aksjeutbyte

Utbyte frå norske selskap auka frå 1997 til 1998 med heile 38 prosent, frå 12,8 til 17,6 milliardar kroner. Talet på personar med utbyte steig frå 268 700 til 310 100.

Statistikken omfattar 4 594 618 personar med eit likningsforhold til Noreg. Av desse er 4 443 281 busette i landet, medan 151 337 er anten døde, utvandra eller av andre årsaker likna i Noreg utan å bu her. I dei fleste tabellane har vi nytta tal for busette personar 17 år eller eldre som ved utgangen av 1998 utgjorde 3 457 576 personar.

Tabeller: