Fleire bekymringsmeldingar frå tannlegane

Publisert:

I 2017 sende tannhelsetenesta 768 bekymringsmeldingar til barnevernet. Det er 30 prosent fleire enn i 2014. Flest meldingar kom frå tannhelsetenesta i Oslo.

Den offentlege tannhelsetenesta er den einaste helsetenesta i Noreg som kallar alle barn mellom 3 og 18 år inn til regelmessige undersøkingar.

Undersøkingane gir tannlegen viktig informasjon om helsa og utviklinga til barna. Tannlegen har òg ein unik sjanse til å kunne oppdage teikn på omsorgssvikt eller mishandling, blant anna fordi teikn på dette kan vere tydelege i munnen eller fjeset.

Helsepersonell som mistenker at eit barn blir utsett for omsorgssvikt eller mishandling, har plikt til å melde frå om dette til barnevernet. I 2014 sende tannhelsetenesta totalt 582 bekymringsmeldingar til barnevernet, syner tannhelsestatistikken. I 2017 hadde talet auka til 768.

Figur 1. Bekymringsmeldingar sende til barnevernet

2014 2015 2016 2017
Heile landet 582 657 819 768

Varslar føresette dersom barn ikkje møter

Tannlegen skal også melde frå viss barn ikkje kjem til avtalt tannlegetime. Dersom eit barn under 16 år, den helserettslege myndigheitsalderen, gjentatte gonger ikkje møter opp til tannlegeundersøking, blir dei føresette til barnet varsla om dette. Barnevernet kan så bli varsla dersom barnet framleis ikkje møter opp. Totalt sende tannhelsetenesta varselbrev til føresette om 1 147 barn i 2014. I 2017 hadde talet auka med 10 prosent, til 1 264 barn.

Figur 2. Barn det er sendt varsel om til føresette

2014 2015 2016 2017
Heile landet 1147 1079 1294 1264

Oslo melder mest

Tannhelsetenesta i Oslo sende flest bekymringsmeldingar til barnevernet, totalt 108 i 2017. Elles varierer talet på bekymringsmeldingar frå 11 i Oppland til 73 i Buskerud og Hordaland.

Totalt 58 000 bekymringsmeldingar i 2017

Totalt fekk barnevernet inn rundt 58 000 bekymringsmeldingar i 2017, viser tal frå statistikken barnevern. Meldingane frå tannhelsetenesta utgjer dermed berre ein liten del av det totale talet.

Bekymringsmeldingar til barnevernet

Bekymringsmeldingar til barnevernet kan komme frå privatpersonar eller offentleg tilsette som er bekymra for barn og omsorgssituasjonen deira. Samla sett er det politiet og barnevernstenesta sjølv som melder inn flest saker. Innhaldet i meldingane som kjem inn, skal vurderast i løpet av ei veke. Nokre meldingar blir lagt bort, mens andre blir undersøkt vidare. Vidare undersøkingar kan føre til at tiltak blir sette i verk.

 

Faktaside