8203
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8203
Sterke halvårstal i industrien
statistikk
2006-08-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterke halvårstal i industrien

Norsk industri omsette for om lag 350 milliardar i første halvår av 2006. Dette er ein auke på 25,1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Omsetninga auka både i heimemarknaden og i eksportmarknaden, med 29 og 19,3 prosent respektive.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. 3-måneders glidande gjennomsnitt. Millionar kroner

Omsetninga av energivarer hadde ein auke på over 30 prosent i årets første seks månader frå same tid i fjor. Bedrifter innan olje- og gassutvinning står for om lag 80 prosent av den totale omsetninga av energivarer. Det er den høge råoljeprisen som trekk omsetninga kraftig opp. Gjennomsnittsprisen på råolje (brent blend) var 35,4 prosent høgare enn i første halvår 2005.

Auke innanfor alle varetypar

Investeringsvarer hadde den største auken av varetypane. Det var maskinvareindustrien, oljeplattformar og transportmiddelindustrien som hadde den største veksten og medverka til dei gode tala. Det er den høge ordreinngangen i både heime- og eksportmarknaden som har gjort at omsetninga av investeringsvarer har hatt ein auke i 2006.

Omsetninga av innsatsvarer hadde ein vekst gjennom første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Oljeraffinering og kjemisk industri og metallindustrien hadde den største oppgangen.

Industrinæringar som produserer konsumvarer hadde ein samla oppgang om lag 11 prosent i dei seks første månadene samanlikna med same periode i 2005. Nærings- og nytelsesmiddelindustrien har hatt ei god utvikling med ein vekst på 15,4 prosent. Hovudårsaka ligg i auken i omsetninga av fisk og fiskevarer.

Månadlig omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og
kraftforsyning. Juni 2006
  Råserier1
Januar-juni 2006
Endring i prosent
Januar-juni 2005 -
januar-juni 2006
Råserier1 juni 2006 Endring i prosent
juni 2005-juni 2006
Endringstall i prosent.
Sesongjustert.
Januar 2006-mars 2006 -
april 2006-juni 2006
Totalomsetning  713 746 28,2  126 140 32,8 8,6
           
Olje- og gassutvinning  281 689 29,9 48 270 44,9 12,3
Industri  347 131 25,1 66 826 27,1 8,4
Hjemmemarked  212 913 29,0 42 414 26,7 11,0
Eksportmarked  134 218 19,3 24 412 27,7 5,8
Kraftforsyning 79 512 38,7 9 968 22,0 -2,4
           
Etter varetype          
Innsatsvarer  127 845 16,2 24 489 20,2 5,1
Investeringsvarer 98 816 50,7 20 177 40,3 12,0
Konsumvarer 93 382 11,0 17 041 16,4 1,6
Energivarer  393 702 32,6 64 433 41,4 11,8
1  Millioner kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB