8227_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8227
Auke i industriomsetninga første halvår
statistikk
2005-08-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i industriomsetninga første halvår

Norsk industri omsette for om lag 266 milliardar i første halvår av 2005. Dette er ein auke på 2,6 prosent samanlikna med same periode i fjor. Omsetninga av innsatsvarer og investeringsvarer hadde ein oppgang, medan omsetninga av konsumvarer gjekk tilbake.

Innanfor norsk olje- og gassutvinning var omsetninga om lag 243 milliardar kroner frå januar til juni 2005, noko som var nær 24 prosent meir enn i same periode i fjor. Snittprisen per fat råolje har i første halvår 2005 vore nær 35 prosent høgare enn første halvår 2004. Produksjonen av olje var noko lågare, medan gassproduksjonen hadde ein auke.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1998-2005. Millionar kroner

Innsatsvarer

Omsetninga av innsatsvarer hadde ein auke gjennom første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Trelast- og trevareindustri og oljeraffinering og kjemisk industri hadde den største oppgangen, medan metallindustrien og treforedling hadde ein nedgang.

Investeringsvarer

Investeringsvarer hadde den største auken av varetypane i årets seks første månader. Det var metallvareindustrien og transportmiddelindustrien som hadde den største oppgangen av investeringsvarene. Høg ordreinngang i både heime- og eksportmarknaden gjer at omsetninga innanfor investeringsvarer venteleg vil auke vidare utover i 2005. Innanfor omsetning av investeringsvarer var det berre elektroteknisk og optisk industri som hadde ein nedgang gjennom første halvår i år.

Konsumvarer

Omsetninga av konsumvarer viste ein nedgang i første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Dette hang saman med nedgang i omsetninga innanfor næringsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri. Møbelindustri og annan industri og tekstil- og kleindustrien dempa nedgangen i omsetninga av konsumvarer i perioden.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Juni 2005
  Råseriar1 januar-juni 2005 Endring i prosent Januar-juni 2004-januar-juni 2005 Råseriar1 juni 2005 Endring i prosent juni 2004-juni 2005 Endringstal i prosent. Sesongjustert. Januar-mars 2005-april-juni 2005
Totalomsetning  570 769 11,1 96 471 6,1 5,6
           
Olje- og gassutvinning  242 966 23,7 37 916 15,5 8,1
Industri  265 590 2,6 49 318 0,6 -1,6
Kraftforsyning 57 475 5,7 8 305 0,2 27,9
           
Etter varetype          
Innsatsvarer  103 434 2,8 19 141 -0,7 -0,7
Investeringsvarer 62 790 6,4 13 124 11,6 2,9
Konsumvarer 83 743 -5,1 14 902 -7,3 -3,3
Energivarer  320 802 20,7 49 303 12,5 11,1
1  Millionar kroner.