8233
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8233
Omsetninga i industrien svakt ned
statistikk
2005-05-09T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Omsetninga i industrien svakt ned

Det var ein nedgang på 2,6 prosent i industriomsetninga i første kvartal 2005 samanlikna med siste kvartal i 2004, viser sesongjusterte tal. Investeringsvarer og konsumvarer har ei lågare omsetning, medan innsatsvarer og energivarer har ein auke i si omsetning.

Omsetninga i norsk olje- og gassutvinning var 117 milliardar i første kvartal 2005. Dette er 4,5 prosent høgare enn i siste kvartal i fjor. Rekordhøg oljepris i mars 2005 er med på å trekkje opp omsetninga i første kvartal i år, trass i ein nedgang i produksjonen samanlikna med siste kvartal i fjor.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. 3-månaders glidande gjennomsnitt. Millionar kroner

Innsatsvarer

Omsetninga av innsatsvarer har hatt ein auke på 2,1 prosent i første kvartal 2005 samanlikna med siste kvartal i 2004. Mineralproduktindustrien hadde ein auke på 6,6 prosent, medan trelast- og trevareindustrien hadde ein vekst på 2,5 prosent. Oljeraffinering og kjemisk industri og metallindustrien hadde lågare omsetning i første kvartal i år enn i siste kvartal i fjor.

Investeringsvarer

Omsetninga av investeringsvarer gjekk ned med 2,0 prosent frå fjerde kvartal i fjor til første kvartal i år. Metallvare- og maskinindustrien hadde ein auke, medan elektroteknisk og optisk industri hadde ein nedgang.

Konsumvarer

Det var ein nedgang på 3,0 prosent i omsetninga av konsumvarer i første kvartal 2005 samanlikna med siste kvartal i 2004. Størst har nedgangen vore innanfor næringsmiddelindustrien, etterfølgt av møbelindustri og annan industri, medan tekstil- og kledningsindustrien opplever auke.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Mars 2005
  Råseriar1 mars 2005 Endring i prosent mars 2004-mars 2005 Råseriar1 januar-mars 2005 Endring i prosent januar-mars 2004-januar-mars 2005 Endringstal i prosent. Sesongjustert. Oktober-desember 2004- januar-mars 2005
Totalomsetning  100 326 11,2  274 458 7,6 1,1
Olje- og gassutvinning 43 936 36,3  117 053 21,5 4,5
Industri 45 353 -6,9  125 933 -0,8 -2,6
Kraftforsyning 10 255 19,1 29 404 -2,3 -3,4
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 16 758 -9,7 48 717 -0,3 2,1
Investeringsvarer 10 781 -3,5 27 841 2,0 -2,0
Konsumvarer 14 398 -14,0 40 500 -9,0 -3,0
Energivarer 58 389 33,4  157 401 17,0 3,7
1  Millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB