8243_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8243
Stadig auke i omsetninga til norsk industri
statistikk
2004-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stadig auke i omsetninga til norsk industri

Norsk industri omsette for nærmare 50 milliardar kroner i oktober. Alle varetypar kan vise til ein auke i den siste tremånadersperioden samanlikna med førre periode. Månadsendringa frå september til oktober er berre positiv for investeringsvarer.

Innanfor norsk olje- og gassutvinning vart auken på 7,3 prosent, og kan sjåast i samanheng med stadig aukande oljeprisar utover året. Den gjennomsnittlege prisen på råolje var i oktober 327 kroner fatet, ein prisauke på 10,6 prosent frå september.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. Tremånaders glidande gjennomsnitt

Innsatsvarer

Innsatsvarer fortset auken med 1 prosent, men ikkje like kraftig vekst som i tidlegare periodar, viser sesongjusterte tal for den siste tremånadersperioden. Fleire næringar innanfor varetypen opplever nedgang i omsetninga frå september til oktober, medan oljeraffinering og kjemisk industri og gummivare- og plastindustrien kan begge vise til ein vekst.

Investeringsvarer

Auken innanfor denne varetypen var på 5 prosent, og nærmare alle næringar i varetypen trekkjer omsetninga i ein positiv retning. Også endringstala frå september til oktober er meir positive enn det innsatsvarer kan vise til.

Konsumvarer

Næringsmiddelindustrien, som er den største bidragsytaren innanfor denne varetypen, opplevde ein auke på 3,9 prosent. Spesielt kan det trekkjast fram den positive veksten i industri som produserer fisk og fiskevarer, ein vekst som næringa har hatt sidan mai i år. For resten av industriane innanfor konsumvarer, både varige og ikkje-varige konsumvarer, opplevde berre delar av næringane ein auke frå september til oktober.

Månedleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Oktober 2004
  Råseriar1 oktober 2004 Endring i prosent oktober 2003- oktober 2004 Råseriar1Januar-oktober 2004 Endring i prosent Januar-oktober 2003 - januar-oktober 2004 Endringstal i prosent. Sesongjustert. Mai -juli 2004 - august-oktober 2004
Totalomsetning  100 729 17,3  887 045 8,4 4,6
           
Olje- og gassutvinning 41 182 46,4  350 557 21,3 7,3
Industri 49 792 6,5  442 725 5,0 6,8
Kraftforsyning 8 685 -16,0 85 397 -16,8 -7,9
           
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 18 357 6,1  170 900 14,9 1,0
Investeringsvarer 11 402 4,9 98 864 -7,0 5,0
Konsumvarer 16 068 -4,1  150 126 2,4 3,7
Energivarer 54 902 34,1  467 150 12,1 4,8
1  Millionar kroner.