8251_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8251
Auke i industriomsetninga
statistikk
2004-08-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i industriomsetninga

Norsk industri omsette for om lag 260 milliardar i dei fyrste seks månadene i år. Samanlikna med same periode i fjor, er dette ein auke på 3,3 prosent. Omsetninga innanfor innsatsvarer og konsumvarer auka i perioden, medan omsetninga av investeringsvarer gjekk tilbake.

Innanfor norsk olje- og gassutvinning var omsetninga på om lag 33 milliardar kroner i juni 2004, nær 30 prosent meir enn i same månad i fjor. Prisen per fat råolje i juni var på 241 kroner mot 194 kroner i juni i fjor, ifølgje statistikk over utanrikshandel med varer.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Millionar kroner

Innsatsvarer

Alle næringane innanfor innsatsvarer hadde ein auke i den fyrste seksmånadersperioden i 2004 samanlikna med same periode i fjor. Den største auken kan sjåast innanfor metallvarer og kjemiske råvarer, men også trelast- og trevareindustrien samt treforedling hadde god vekst i perioden.

Investeringsvarer

For investeringsvarer var det ein tilbakegang på nær 9 prosent i fyrste halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Nedgangen omfatta dei fleste næringane, men sterkast tilbakegang var det for transportmiddelindustrien. Auken innanfor elektroteknisk og optisk industri dempar nedgangen noko for denne varetypen.

Konsumvarer

Omsetninga av konsumvarer i fyrste halvår viser ein samla oppgang på 2,4 prosent samanlikna med fyrste halvår i fjor. Auken er framfør alt eit resultat av vekst innanfor næringsmiddelindustrien, men også forlag og grafisk industri og møbelindustrien viste positive tal i perioden. Tekstil- og klesvareindustrien hadde nedgang i omsetninga i perioden.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Juni 2004
  Råseriar1 juni 2004 Endring i prosent juni 2003-juni 2004 Råseriar1 januar-juni 2004 Endring i prosent januar-juni 2003-januar-juni 2004 Sesongjusterte endringstal i prosent mai-juni 2004
Totalomsetning 90 916 17,9  513 579 3,1 2,3
           
Olje- og gassutvinning 32 841 29,8  196 406 13,1 -1,9
Industri 49 030 10,2  258 854 3,3 6,2
Kraftforsyning 8 286 23,7 54 355 -23,4 21,3
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 19 267 22,5  100 655 15,1 4,9
Investeringsvarer 11 755 -3,5 58 994 -8,8 0,7
Konsumvarer 16 072 8,1 88 241 2,4 5,3
Energivarer 43 821 27,7  265 685 2,2 0,9
1  Millionar kroner.