8257
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8257
Auke i industrien i første kvartal
statistikk
2004-05-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i industrien i første kvartal

Frå januar til mars omsette industrien for nærare 127 milliardar kroner. Dette var 3,5 prosent meir enn i same periode i 2003. Størst var auken innanfor innsatsvarer, men òg konsumvarer opplevde ein jamn auke i årets første kvartal.

Norsk olje- og gassutvinning omsette for 96 milliardar kroner i perioden januar til mars 2004. Dette var 3 prosent høgare enn i same periode i fjor. Fleire selskap har meldt om eit stort handelsvolum av olje omsett til gode prisar. Gjennomsnittleg oljepris for mars 2004 var 238 kroner per fat mot 228 kroner i mars i fjor, viser statistikk over utanrikshandel.

Omsetning etter varetype. Sesongjustert. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Millionar kroner

Auke i innsatsvarer

Innsatsvarer har hatt ein auke på 8,9 prosent samanlikna med førre kvartal. Kjemiske råvarer, trelast- og trevareindustrien og mineralproduktindustrien aukar, men den største auken opplevde metallindustrien. Næringa sjølv melder om stor etterspørsel, høgare prisar samt auka eksport. Produksjonsindeksen viste òg auke innanfor ikkje-jernhaldige metall. Sal frå lager har dekka større delar av denne etterspørselen.

Auke i investeringsvarer

Investeringsvarer har stige jamt dei tre siste månadene, men førebels ligg omsetningstala under omsetninga dei hadde i same periode i 2003. Dette heng saman med større prosjektrealiseringar innanfor transportmiddelindustrien første kvartal 2003. Den same trenden kan sjåast i andre næringar, til dømes metallvareindustrien, maskinindustrien og oljeplattformer.

Næringsmiddelindustrien auka

Industrinæringar som produserer konsumvarer, har opplevd ein samla auke på nærare 6 prosent første kvartal 2004 samanlikna med same periode året før. Størst har auken vore innanfor næringsmiddelindustrien, etterfølgt av møbelindustri og annan industri, medan tekstil- og klesindustrien fortsatt opplever nedgang.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Mars 2004
  Råseriar1. Mars 2004 Endring i prosent. Mars 2003-mars 2004 Råseriar1. Januar-mars 2004 Endring i prosent. Januar-mars 2003 - januar-mars 2004 Sesongjusterte endringstal i prosent. Februar-mars 2004
Totalomsetning 90 238 6,8  255 120 -3,4 -0,4
           
Olje- og gassutvinning 32 235 11,5 96 334 3,0 0,8
Industri 48 703 12,9  126 891 3,5 4,6
Kraftforsyning 8 610 -27,7 30 099 -35,6 -4,9
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 18 561 25,0 48 864 15,7 3,6
Investeringsvarer 11 177 0,6 27 289 -12,2 3,6
Konsumvarer 16 743 15,8 44 485 5,9 5,3
Energivarer 43 757 -0,7  134 481 -9,7 -3,2
1  Millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB