8273_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8273
Framleis nedgang i industrien
statistikk
2003-09-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis nedgang i industrien

Industrien har omsett for om lag 124 milliardar frå mai til juli i år, viser ujusterte tal. Dette er ein nedgang på 2,2 prosent i forhold til same periode i fjor. Nedgangen gjeld alle varetypane med størst endring for investeringsvarer.

Omsetninga frå norsk olje- og gassutvinning var i juli 2003 nesten 9 prosent lågare enn i same periode i fjor. Dette heng saman med ein noko lågare oljeproduksjon i juli i år enn på same tid i fjor.

Omsetning, etter varetype. Sesongjustert. 3-månaders glidande gjennomsnitt

Nedgang for investeringsvarer

Næringar som produserer investeringsvarer (transportmiddelindustrien, maskinindustrien og metallvareindustrien m.m.) har hatt ein nedgang i omsetninga på 5 prosent frå mai til juli - samanlikna med same periode i 2002. Nedgangen var generell og berre maskinindustrien skil seg ut med ein auke.

Innsatsvarer ned 2,4 prosent

Omsetninga av innsatsvarer fall med 2,4 prosent i perioden mai til juli samanlikna med same periode i fjor. Dette heng mellom anna saman med at omsetninga av kjemiske råvarer har hatt ein nedgang på om lag 7 prosent. Treforedling og metallindustrien hadde også fall i omsetninga med høvesvis 5,9 og 2,6 prosent.

Konsumvarer ned 1,5 prosent

Konsumvarer (næringsmiddelindustrien, tekstil- og kledningsindustrien, forlag og grafisk industri m.m.) har hatt 1,5 prosent lågare omsetning i perioden mai til juli samanlikna med same periode i 2002. Nedgangen er noko svakare for konsumvarer enn for dei andre varetypane. Nærings- og nytelsesmiddelindustrien hadde ei betring i omsetninga i juli i år, og dette har i stor grad dempa den samla nedgangen innanfor konsumvarer.

Endringstal og kraftforsyning

Finansielle kontraktar har verka inn på omsetningstal frå kraftforsyninga og tala frå denne næringa bør difor tolkast med varsemd.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
Juli 2003
  Råserier1
Juli 2003
Endring i prosent
Juli 02-juli 03
Råserier1
Januar-juli 03
Endring i prosent
Januar-juli 02 - Januar-juli 03
Sesongjusterte endringstall i prosent
juni 03-juli 03
Totalomsetning 72 534 0,3  571 190 4,2 2,5
           
Olje- og gassutvinning 28 031 -8,6  201 663 -0,9 3,9
Industri 37 125 5,2  288 186 -2,4 2,0
Kraftforsyning 6 841 26,4 77 774 73,9 -6,1
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 12 671 0,0  100 268 -3,8 -0,5
Investeringsvarer 8 284 9,2 73 096 -3,4 5,2
Konsumvarer 14 201 4,6  100 603 -4,2 2,4
Energivarer 37 378 -2,9  297 221 12,9 0,3
1  Millioner kroner.