8281
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8281
Liten auke i industrien
statistikk
2003-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Liten auke i industrien

Frå januar til mars omsette industrien for 124 milliardar kroner. Dette var 1,3 prosent meir enn i same periode i 2002. Omsetninga frå norsk olje- og gassutvinning var om lag 31 milliardar kroner i mars 2003. Dette er ein auke på om lag 4 prosent samanlikna med mars 2002.

Omsetning, etter varetype. Sesongjustert. 3-månaders glidande gjennomsnitt

Norsk olje- og gassutvinning omsette for om lag 95 milliardar kroner i perioden januar til mars 2003. Dette er 21 prosent høgare enn i same periode i fjor. Fleire selskap har meldt om eit stort handelsvolum av olje omsett til gode prisar. Gjennomsnittleg oljepris for mars 2003 var 226 kroner per fat, noko som var over 13 prosent høgare enn i mars i fjor, viser statistikk over utanrikshandel.

Auke i omsetninga innan investeringsvarer

Næringar som produserer investeringsvarer - mellom anna transportmiddelindustrien, maskinindustrien og metallvareindustrien - auka omsetninga med 2,3 prosent i første kvartal 2003, samanlikna med same periode i 2002. Omsetninga i transportmiddelindustrien var då over 40 prosent høgare enn i same periode i fjor. Transportmiddelindustrien er ein bransje med varierande omsetning knytt til når større prosjekt blir fakturert.

Nedgang i innsatsvarer

Omsetninga av innsatsvarer viser ein nedgang på 2,1 prosent i perioden januar til mars 2003 samanlikna med same periode året før. Dette heng saman med ei framleis svak utvikling for kjemiske råvarer. Andre næringar som produserer innsatsvarer som trelast og trevare, gummivare og plast og metallindustrien har hatt ein auke.

Nedgang i konsumvarer

Industrinæringar som produserer konsumvarer - til dømes næringsmiddelindustrien, tekstil- og kledningsindustrien, forlag og grafisk industri - har ein samla nedgang om lag 3 prosent i omsetninga i dei tre første månadene samanlikna med same periode i 2002. Næringsmiddelindustrien har hatt ei svak utvikling med ein nedgang på 1,4 prosent i omsetninga. Hovudårsaka ligg i ei kraftig svikt i omsetninga av fisk og fiskevarer.

Endringstal og kraftforsyning

Endringstal frå mars i fjor til mars i år må elles tolkast med varsemd. Påska i år var i april medan den var i mars i fjor, og effekten av dette vil først vere synleg når omsetningsstatistikken for april ligg føre. Finansielle kontraktar har verka inn på omsetningstala innan kraftforsyning og endringstala frå denne næringa bør difor tolkast med varsemd.

Månadleg omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
Mars 2003
  Råserier1 Endring i prosent Sesongjusterte endringstal i prosent
  Mars 2003 Mars 2002-mars 2003 Desember 2002-januar 2003 Januar 2003-februar 2003 Februar 2003-mars 2003
Totalomsetning 88 990 11,8 1,9 6,8 -9,8
           
Olje- og gassutvinning 31 124 4,1 10,6 5,5 -4,9
Industri 43 659 3,8 1,6 0,8 -2,2
Kraftforsyning 13 684 94,3 -17,8 26,7 -30,4
           
Etter varetype          
Innsatsvarer 14 932 5,6 4,4 -0,1 1,3
Investeringsvarer 11 327 -1,9 -8,2 10,0 -8,0
Konsumvarer 14 665 -1,9 4,3 -8,6 0,7
Energivarer 48 066 23,3 5,7 13,7 -12,0
1  Millionar NOK.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB