8311_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8311
Uendra omsetning innan industrien
statistikk
2001-05-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Uendra omsetning innan industrien

I perioden januar til desember 2000 omsette industrien for 471 milliardar kroner. Dette var om lag same nivå som i 1999. Når omsetninga frå olje- og gassutvinninga og kraftforsyning er medrekna, låg samla omsetning 21 prosent høgare i 2000 enn året før.

For heile 2000 var omsetninga av olje og gass på vel 372 milliardar kroner - ein auke på 72,5 prosent samanlikna med same periode året før. Kraftforsyninga hadde ein svak nedgang i omsetninga.

Rekordhøg oljepris

Omsetning av olje og gass har auka jamt sidan inngangen av 1999, og låg på eit særs høgt nivå i 2000. Den kraftige auken i omsetninga kjem hovudsakleg av ein rekordhøg oljepris. I gjennomsnitt låg råoljeprisen (Brend Blend) på 250 kroner per fat i 2000. Råoljeprisen har òg hatt ein aukande trend sidan 1999. Dei viktigaste årsakene til prisveksten i 1999 var OPEC sitt vedtak i mars om å innføre kutt i produksjonen på 1,7 millionar fat per dag, samt auka etterspurnad i Asia etter krisa i 1997/1998. Prisveksten i 2000 kjem av generell høg etterspurnad etter olje og gass, men òg minimale lager av raffinerte oljeprodukt i USA og til dels i Europa påverka prisen sterkt.

Omsetninga innan industrien flata ut

Omsetninga innan industrien har etter fleire år med god vekst flata ut. På årsbasis i 2000 steig omsetninga minimalt - ein auke på 0,2 prosent frå året før. Kjemisk industri og metallindustrien er dei viktigaste næringane som drog opp omsetninga. I motsett retning trekte først og fremst nærings- og nytingsmiddelindustrien, oljeplattformindustrien og transportmiddelindustrien.

Det vart omsett kjemikaliar og kjemiske produkt for om lag 46 milliardar kroner. Dette er ein auke på 39 prosent frå same periode året før. I særleg grad steig kjemiske råvarer kraftig, men òg kjemiske produkt (måling, farmasøytiske preparat, såpe og vaskemiddel) hadde auke. Kjemiske råvarer har hatt gunstige prisar i 2000 med ein vekst på om lag 6 prosent samanlikna med 1999. Omsetninga av metall steig med heile 19 prosent, og både jarnhaldige og ikkje-jarnhaldige metall hadde auke. Særleg aluminium steig kraftig - opp om lag 17 prosent frå fjoråret. Ved inngangen av 1999 låg aluminiumprisen på eit lågt nivå, men fekk ein kraftig vekst utover året. Denne tendensen fortsette i løpet av 2000, men noko svakare. Gjennomsnittsprisen per tonn aluminium var om lag 15 prosent høgare i 2000 enn året før.

Lågare omsetning av kjøtt

Nærings- og nytingsmiddelindustrien omsette for om lag 113 milliardar kroner i 2000. Dette er noko svakare enn året før - ned 1,2 prosent. Omsetninga av kjøtt og kjøttprodukt fall med nesten 8 prosent, mens fisk og fiskeprodukt steig tilnærma like mykje.

2000 har vore eit svakt år for oljeplattformindustrien. Omsetninga fall i underkant av 50 prosent frå 1999. Nedgangen kjem hovudsakleg av at investeringsaktiviteten i oljesektoren har minka etter fleire år med høge investeringar. Transportmiddelindustrien sleit òg med lågare omsetning i 2000; omsetninga fall med over 12 prosent frå året før. Låg aktivitet innanfor skipsbyggjing er den viktigaste årsaka til nedgangen.