8321
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8321
Høg omsetning av olje
statistikk
2000-07-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningfebruar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg omsetning av olje

Bedrifter innan olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning hadde ei omsetning på 126,7 milliardar kroner i 1. termin (januar/februar) 2000. Dette er ein auke på 22,5 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Høg omsetning innan olje- og gassutvinning verka sterkast til veksten.

Omsetninga av energivarer var 61,2 milliardar i 1. termin, ein auke på over 64 prosent frå same tid i fjor. Bedrifter innan olje- og gassutvinning står for om lag 80 prosent av den totale omsetninga av energivarer. Det er den høge råoljeprisen som trekk omsetninga kraftig opp. Gjennomsnittsprisen på råolje (Brent Blend) var på 215 kroner per fat i januar/februar. Samanlikna med 6. termin 1999 viser energivarer ein viss nedgang. Dette til tross for ein noko lågare gjennomsnittspris i 6. termin. Da var gjennomsnittsprisen på 198 kroner.

Det vart omsett for 10,1 milliardar kroner innan kraftforsyninga, eit fall på 5,2 prosent frå 1. termin 1999. Mykje av årsaka til fallet er lågare prisar - til tross for at produksjonen har stege. Statsnett sine registreringar viser at produksjonen på vasskraft og varmekraft auka til saman med 13,5 prosent, målt i GWh. Mykje nedbør over heile landet har gitt større tilsig av vann, og dermed økt fyllingsgraden i vassmagasina. Samtidig har den milde vinteren ført til at prisen på elektrisk kraft (spotprisen) fall kraftig i januar og februar. Kvartalsvise kraftprisar i engrosmarknaden viser ein nedgang på 7,2 prosent frå 4. kvartal 1999 til 1. kvartal 2000.

Aluminiumprisen kraftig opp

Omsetninga av innsatsvarer var i overkant av 29,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på 6,4 prosent frå same periode i fjor. Veksten kjem hovudsakeleg innan kjemisk industri og metallindustrien.

Også for innsatsvarer pregast omsetninga sterkt av prisutviklinga på ulike råvarer. Gjennomsnittsprisen på aluminium i dei internasjonal råvaremarknadene var på over 11 100 kroner per tonn, og har dermed auka med over 40 prosent frå 1. termin 1999. Omsetninga av aluminium var på 4,2 milliardar kroner - ein auke på 13,5 prosent. Noko av auka kjem også frå noko høgare produksjon.

Av kjemiske råvarer har især omsetninga av gjødsel stege kraftig. Det blei omsett for 624 millionar, ein auke på over 40 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Mykje av auka kjem av at miljøavgifta på kunstgjødsel blei fjerna frå 1. januar 2000. Farmasøytistisk industri hadde også kraftig vekst, og det blei omsett for 1,1 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB