8327_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/ogibkoms/arkiv
8327
Svak omsetningsnedgang i industrien
statistikk
2000-01-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
ogibkoms, Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriomsetning, hjemmemarked, eksportmarked, verdiEnergi, Industri og bergverksdrift, Olje og gass, Energi og industri
false

Omsetning i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak omsetningsnedgang i industrien

Industrien hadde ei omsetning på 68 milliardar kroner i juli/august 1999. Det er ein reduksjon på 1,8 prosent i forhold til same periode i 1998. Særskilt var det treforedling, transportmiddel- industrien og oljeplattformnæringa som hadde lågare omsetning.

Treforedlingsnæringa slit med stadig lågare omsetning. I 4. termin (juli/august) 1999 hadde næringa ei omsetning på nesten 2,5 milliardar kroner - ein nedgang på over 21 prosent frå juli/august 1998. Sidan omsetningstoppen i 5. termin 1998 har omsetninga stadig falle, og ligg på eit lågare nivå enn i fjor. Prisane var noko høgare, men er enno svakare enn ønska.

Etter ein svak auke i omsetninga i mars/april 1999, fortsett utviklinga med fall i omsetninga av bygging og istandsetjing av oljeplattformer. I juli/august 1999 var omsetninga på vel 4 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på over 23 prosent i forhold til same periode året før. Færre større investeringar pregar næringa.

I juli/august 1999 var omsetninga på 3,2 milliardar kroner i transportmiddelindustrien. Dette er ein nedgang på 11 prosent frå juli/august 1998. Det er særleg lågare omsetning frå bygging og reparasjonar av skip som resulterte i nedgangen.

Høg omsetning av råolje- og naturgass

Omsetninga frå olje- og gassutvinning var på heile 35,7 milliardar kroner. Dette er ein oppgang på nesten 47 prosent frå juli/august i fjor. Den kraftige veksten skuldast først og fremst høge prisar på råolje og gass. I juli og august 1999 var prisen på råolje 150-156 kroner per fat. Auka i omsetninga innan olje- og gassutvinning ga ein samla vekst på 9,4 prosent for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning i forhold til same periode i juli/august 1998.

Omsetninga frå oljeraffinering var på nesten 4 milliardar kroner i juli/august 1999. Dette er ein auke på over 38 prosent i forhold til same periode i fjor. Høg pris på raffinerte produkt i juli/august var ein viktig faktor bak auka omsetning.