Lågare sal av bilbensin og autodiesel i sommer

Publisert:

Samla sal av petroleumsprodukt i juli enda på 715 millionar liter, tilnærma uendra frå same periode i 2018.

Det vart selt 110  millionar liter bilbensin, ein nedgang på 5 millionar liter sidan juli 2018. Salet av autodiesel gjekk ned med 10 millionar liter og enda på 239 millionar liter, ifølgje statistikken over sal av petroleumsprodukt.

Sal av bitumen (asfalt) var på vel 52 millionar liter, og dette er nær 10 millionar liter meir enn i juli 2018.

Førebelse tal hittil i år viser at samla sal av bilbensin og autodiesel utgjorde nær 2,3 milliardar liter, ei nedgang på  4,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2018.

1 Omfattar flybensin og bitumen (asfalt).

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt hittil i år januar til og med juli 2017, 2018 og 2019, etter produkt

Bilbensin Autodiesel Anleggsdiesel Marine gassoljer Jetparafin Tungoljer og mellomdestillater Fyringsparafin og fyringsolje Andre produkter¹
2017 660 1735 492 717 644 69 124 222
2018 657 1743 558 763 679 68 93 230
2019 612 1679 547 707 639 61 54 206

1 Omfattar flybensin og bitumen (asfalt).

Figur 2. Sal av petroleumsprodukt i juli måned, etter produkt

Andre produkter¹ Fyringsparafin og fyringsolje Tungoljer og tungdestillater Jetparafin Marine gassoljer Anleggsdiesel Autodiesel Bilbensin
2002 26 30 68 71 172 45 119 220
2003 24 42 65 51 163 51 127 222
2004 30 41 69 64 161 45 134 209
2005 26 25 64 67 155 49 142 203
2006 36 25 70 88 145 52 154 197
2007 35 23 59 79 166 53 177 187
2008 42 21 58 81 159 61 185 178
2009 35 20 56 80 161 48 191 165
2010 39 21 49 87 161 53 209 157
2011 46 20 47 82 161 59 211 142
2012 30 18 35 95 172 63 224 134
2013 48 18 29 107 137 67 232 131
2014 33 12 31 110 136 60 233 123
2015 47 12 9 107 130 61 243 113
2016 36 11 7 104 130 65 248 115
2017 47 14 9 104 105 68 248 115
2018 43 6 13 109 107 75 249 115
2019 53 4 11 109 113 76 239 110

Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Førebelse tal baserte på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 333 millionar liter biodrivstoff første halvår 2019. Dette utgjer om lag 17 prosent av omsett bensin og autodiesel.

Kontakt