90306_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
90306
Rekordstor folkevekst òg i 2012
statistikk
2012-12-19T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Denne statistikken er berre aktuell i perioden desember-februar. Dei nyaste tala for folkemengd finn ein i statistikken  Folkemengd og kvartalsvise befolkningsendringar , medan ein finn folkemengd etter alder i statistikken Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap .

 

Rekordstor folkevekst òg i 2012

Det vil bu om lag 5 053 500 personar i Noreg ved årsskiftet. Folkeveksten for 2012 blir då på 67 600 personar, eller 1,4 prosent. Veksten utgjer meir enn 2 000 fleire enn i 2011, som òg var eit rekordår.

Berekna fokevekst. Fylke. 2012. Prosent

Berekna fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. Heile landet. 1951-2012

Ein folkevekst på 67 600 vil vere om lag dobbelt så høg som han var i åra fram til og med 2005. I dei sju åra frå og med 2006 har folketalet vokse med i alt 413 000. Ikkje sidan 1920 har veksten i prosent vore på same nivået. 72 prosent av folkeveksten vil kome på grunn av innflyttingsoverskotet frå utlandet, medan 28 prosent kjem av fødselsoverskotet. Til samanlikning var det på midten av 1990-talet fødselsoverskotet som stod for den største parten av folkeveksten med 70 prosent. Ei nettoinnvandring frå utlandet på 48 600 vil vere den høgaste nokosinne, 1 600 høgare enn i det førre toppåret 2011. Eit fødselsoverskot på 19 000 vil vere på same nivå som i åra frå og med 2008, men før det må ein attende til åra før 1975 for å finne høgare tal.

Stadig vekst i sentrale strok

Som vanleg held folkeveksten i dei store byane og sentrale områda fram, men medan 37 prosent av folkeveksten i fjor fann stad i Oslo og Akershus, vil delen i år berre vere 30 prosent. Medan veksten vert mindre i år enn i fjor i Oslo og Oppland, vert han større i Rogaland, Hordaland, Sør-Trøndelag, Troms og Finnmark. Oslo veks med 10 100 personar (4 000 færre enn i 2011), Bergen med 4 100 (700 meir enn førre året) og Trondheim med 3 300 (400 meir enn i fjor).

Om berekningane

Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folketilvekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2012. For desember 2012 er det i kvar einskild kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2011. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2012 skulle vise seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil endelege tal for folkemengda 1. januar 2013 (og folketilveksten i 2012) avvike i samsvar med nye endringar.

 

For nokre kommunar vil berekna folketal 1. januar 2013 sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor, særleg for små kommunar, sjå på berekna tal som førebelse.