53383_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
53383
Største folkevekst nokosinne
statistikk
2011-12-15T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Største folkevekst nokosinne

Det vil bu om lag 4 985 000 personar i Noreg ved årsskiftet. Folkeveksten for 2011 blir då på 64 700 personar, eller 1,3 prosent.

Berekna fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet. 1951-2011

Berekna folketilvekst per 100 innbyggjarar. Fylke. 2011

Ein folkevekst på 64 700 vil vere den høgaste som nokosinne er registrert. Dette er 2 600 høgare enn i det førre toppåret 2010. For å finne ein høgare vekst i prosent enn 1,3 lyt ein gå mest 100 år attende, heilt til 1920, då han var på 1,4. Snaue 30 prosent av folkeveksten vil kome på grunn av fødselsoverskot, medan noko meir enn 70 prosent kjem frå innflyttingsoverskotet frå utlandet. Til samanlikning utgjorde fødselsoverskotet på midten av 1990-talet rundt 70 prosent.

Ei nettoinnvandring frå utlandet på 45 700 vil vere den høgaste nokosinne, 3 400 høgare enn i 2010 og 2 400 høgare enn det førre toppåret, 2008. Eit fødselsoverskot på 19 000 vil vere om lag 1 000 lågare enn dei to siste åra, men før det må ein attende til 1974 og tidlegare for å finna høgare tal.

Stadig vekst i sentrale strok

Folkeveksten i dei store byane og sentrale områda held fram. 40 prosent av veksten vil finne stad i Oslo og Akershus. Oslo veks med 15 600 personar, som er 3 200 meir enn i 2010. Bergen vil vekse med 3 200 personar, noko som er 600 mindre enn førre året. Trondheim veks med 2 800 personar, 300 meir enn i fjor. I Rogaland veks folketalet særleg mykje i Stavanger og Sandnes samt i kommunane på Jæren, som samla veks meir enn Stavanger. Kommunar på Romerike i Akershus, som Skedsmo og Ullensaker, vil vekse med mellom 900 og 1 000 kvar seg, medan mange kommunar i Nord-Noreg og Trøndelag både i reine tal og i prosent tapar høvesvis mykje av folketalet.

Om berekningane

Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2011. For desember 2011 er det i kvar einskild kommune rekna med tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2010. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2011 skulle vise seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil endelege tal for folkemengda 1. januar 2012 (og folkeveksten i 2011) avvike i samsvar med nye endringar.

Ein lyt difor sjå på berekna tal som førebels.

Tabeller: