6284_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
6284
Auka innvandring gjev folketilvekst
statistikk
2010-12-16T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka innvandring gjev folketilvekst

Det vil bu om lag 4 923 000 personar i Noreg ved årsskiftet. Folketilveksten for 2010 blir då på mest 65 000 personar, eller 1,3 prosent.

Fødselsoverskott, nettoinnvandring og folketilvekst. Heile landet. 1951-2010

Ein folketilvekst på mest 65 000 er den høgaste som nokosinne er registrert. Dette er 2 700 høgare enn i det førre toppåret i 2008, og 5 800 høgare enn i 2009. Snautt ein tredel av folketilveksten vil kome på grunn av fødselsoverskot, medan noko meir enn to tredelar kjem frå innflyttingsoverskotet frå utlandet. Til samanlikning utgjorde fødselsoverskotet på midten av 1990-talet rundt 70 prosent. Ei nettoinnvandring frå utlandet på 44 500 vil vere den høgaste som nokosinne er registrert, 1 100 høgare enn i 2008. Eit fødselsoverskot på 20 500 vil vere om lag like stort som førre året, og før det må ein attende til 1974 for å finna høgare tal.

Stadig vekst i sentrale strok

Folketilveksten i dei store byane og sentrale områda held fram. Oslo veks med 12 600 personar, Bergen med 4 200 og Trondheim med 2 700. I Rogaland veks folketalet særleg mykje i Stavanger og Sandnes samt i kommunane på Jæren, som samla veks like mykje som Stavanger. Byar i Aust-Agder, som Lillesand og Arendal har høg folketilvekst og det same gjeld fleire av kommunane i fylket. Fleire kommunar på Romerike i Akershus, som Skedsmo, Ullensaker, Gjerdrum og Eidsvoll veks mykje i prosent, medan mange kommunar i Nord-Noreg i prosent tapar forholdsvis mykje av folketalet.

Berekna folketilvekst per 1 000 innbyggjarar. Fylke. 2010

Om berekningane

Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folketilvekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2010. For desember 2010 er det i kvar einskild kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2009. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2010 skulle vise seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil endelege tal for folkemengda 1. januar 2011 (og folketilveksten i 2010) avvike i samsvar med nye endringar.

For nokre kommunar vil berekna folketal 1. januar 2011 sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor, særleg for små kommunar, sjå på berekna tal som førebelse.

Tabeller: