6264_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
6264
4 854 000 personar i Noreg ved årsskiftet
statistikk
2009-12-17T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 854 000 personar i Noreg ved årsskiftet

Statistisk sentralbyrå har berekna at det vil bu om lag 4 854 000 personar i Noreg ved årsskiftet. Folkeveksten for 2009 blir då på over 55 000 personar, eller 1,1 prosent.

Folkeveksten ser ut til å bli 11 prosent mindre enn førre året. I 2008 var veksten på om lag 62 000 personar. I nyare tid er det berre i 2007 og 2008 at folkeveksten har vore større enn i år. Om lag 36 prosent av folkeveksten vil kome på grunn av fødselsoverskot, medan 64 prosent kjem frå innflyttingsoverskotet frå utlandet. Til samanlikning utgjorde fødselsoverskotet dei to siste åra om lag 30 prosent av folkeveksten, medan det på midten av 1990-talet utgjorde rundt 70 prosent.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet. 1951-2009

Stadig vekst i sentrale strøk

Folkeveksten i dei store byane og sentrale områda held fram. Oslo veks med 11 300 personar, noko som er 3 700 mindre enn i fjor. Bergen vil vekse med 4 500. Det er i sin tur 200 fleire enn i 2008. Trondheim veks med 2 700, og det er 400 mindre enn det føregåande året. I Rogaland veks folketalet særleg mykje i Stavanger og Sandnes samt i kommunane på Jæren. Det same gjeld dei fire byane Halden, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss i Østfold. Samstundes held veksten fram i område som ligg nær dei store kommunane. Kommunar som Klepp og Sola i Rogaland og Ullensaker i Akershus veks særs mykje i prosent, medan mange kommunar i Nord-Noreg i prosent tapar mykje av folketal.

Om berekningane

Berekningane er laga for heile landet, fylka og kommunane. Folketala er berekna ut frå dei folkeregistertala som var komne inn fram til 1. desember 2009, det vil seie opplysningane om fødde, daude, inn- og utflyttingar . Folkeveksten for desember i år er sett om lag slik som han var i desember 2008. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall endrar seg mykje i desember i år samanlikna med desember i fjor, vil folketalet endra seg i takt med desse nye meldingane.

For nokre kommunar vil det sjå ut som ei utvikling er broten, men årsaka til dette er sjølve berekningsmetoden. Dette fenomenet gjeld som regel små kommunar, og ein lyt difor - særleg for slike kommunar - sjå på tala som ei førebels berekning.

Tabeller: