6268_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
6268
4 736 900 personar i Noreg ved årsskiftet
statistikk
2007-12-20T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 736 900 personar i Noreg ved årsskiftet

Statistisk sentralbyrå har berekna at 4 736 900 personar vil bu i Noreg ved årsskiftet. Folketilveksten for 2007 blir då på 55 700 personar, eller 1,2 prosent. Dette er i absolutte tal den høgaste tilveksten som er registrert i Noreg, 14 800 høgare enn folketilveksten på 40 900 i 2006, det førre rekordåret.

Ein tredel av folketilveksten vil kome på grunn av fødselsoverskott, medan to tredelar har si årsak i innflyttingsoverskott frå utlandet. Til samanlikning utgjorde fødselsoverskottet i 2006 42 prosent av folketilveksten, medan innflyttingsoverskottet frå utlandet då utgjorde 58 prosent. Det store innflyttingsoverskottet kjem i stor grad av arbeidsinnvandring. Særleg frå dei nye EU-landa i Aust-Europa - Polen og Litauen - men òg frå land som Tyskland og Nederland har nettoinnvandringa auka mykje. Folketilveksten i dei store byane held òg fram. Oslo veks med 11 500, noko som er 1 300 fleire enn førre året. Trondheim veks med 3 500, 500 fleire enn i fjor. Bergen vil vekse med 3 500, noko som er 1 000 fleire enn i 2006. Store kommunar på Austlandet som Bærum og Skedsmo vil òg vekse meir enn førre året, med om lag 1 500. Drammen vil vekse med 1 500, mot 1 000 i fjor.

Berekningane er laga for heile landet, fylka og kommunane. Folketala er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødde, daude, inn- og utflyttingar som var komne inn fram til 1. desember 2007. Folketilveksten for desember i år er sett lik som han var i desember 2006. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall endrar seg mykje i desember i år samanlikna med desember i fjor, vil folketalet endre seg i takt med desse nye meldingane.

For nokre kommunar vil det sjå ut som ei utvikling er broten, men dette har si årsak i berekningsmetoden. Dette vil særleg gjere seg gjeldande for små kommunar, og ein lyt difor sjå på tala særleg for slike kommunar som ei førebels berekning.