6060_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6060
Fleire skilsmisser og separasjonar i 2000
statistikk
2001-10-12T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire skilsmisser og separasjonar i 2000

Nærare 10 100 ekteskap vart oppløyste ved skilsmisse i 2000, vel 900 fleire enn året før. Det svarer til 11,5 skilsmisser per 1 000 gifte og separerte kvinner. Talet på separasjonar auka med vel 1 000 til 12 900.

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2000

Skilsmisserater for kvinner i utvalde aldersgrupper. 1981-2000

Berre ein gong tidlegare, i 1990, er det registrert ein tilsvarande stor auke. Nivået for 2000 på 10 100 ligg omtrent på same nivå no som det gjorde i 1995. Så langt tilbake vi har statistikk over skilsmisser, er åra 1993 og 1994 dei einaste åra som det var fleire skilsmisser enn i 2000. Dei høge tala for 1993 og 1994 heng mest truleg saman med den nye ekteskapslova som tredde i kraft 1. januar 1993. Blant anna vart krava om separasjonstid før skilsmisse korta ned. Frå 1994 og resten av 1990-talet har skilsmissetala vore lågare enn på starten av 1990-talet.

16 300 ekteskap vart oppløyste ved død.

Fleire skilde i alle aldrar

Sett i høve til talet på gifte og separerte, auka talet på skilde i alle femårige aldersgrupper både for menn og kvinner. Størst var auken for kvinner i dei femårige aldersgruppene 25-44 år, for menn var det størst auke for dei under 30 år og for dei som var i aldersgruppene 45-49 år. Ratane for menn i aldersgruppene 45-54 år og for kvinner i aldersgruppene 35-49 år er dei høgaste som er registrerte nokon gong.

Rekordmange separasjonar

Med 12 900 har talet på separasjonar aldri vore så høgt som i 2000, berre året 1990 ligg tett opp til, då det var 12 800 innvilga separasjonar. Åra 1991-1995 hadde eit årsgjennomsnitt for separasjonar på 12 100, og åra 1996-2000 eit noko lågare årsgjennomsnitt på 11 800.

Tal for sambuarar som flyttar frå kvarandre, kjem i tillegg, men dette har vi ikkje tal for.

Auka sjanse for skilsmisse?

Ut frå skilsmissemønsteret i 2000 er det rekna ut at 46,8 prosent av alle inngåtte ekteskap kan ende i skilsmisse, dersom mønsteret held seg. For 1999 var denne prosenten rekna ut til å vere 42,4, og vi må tilbake til 1994 for å finne høgare tal enn det utrekninga for 2000 viser. For åra 1995 til 1999 varierar same talet mellom 45,6 og 41,8, og dei årvisse endringane har vore mindre og meir stabile enn for 2000. Det er enno for tidleg å seie om utrekninga for 2000 syner ei varig vending eller om det er eit forbigåande utviklingstrekk.

10 300 barn opplevde skilsmisse

Vel 10 300 barn under 18 år opplevde at foreldra skilde seg i fjor. Det er 1 300 fleire enn i 1999. Årsgjennomsnittet for dei siste fem åra på 1990-talet var 9 900, altså noko lågare enn talet for 2000. Første del av 1990-talet var årsgjennomsnittet 9 000. I 4 200 av ekteskapa som vart oppløyste ved skilsmisse, var det ikkje felles barn.

Tabeller: