6030_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
6030
Stadig mange vigslar
statistikk
2009-08-27T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig mange vigslar

I 2008 vart det inngått 25 100 ekteskap. I løpet av dei siste 30 åra er det berre i år 2000 og 2008 at det har vore registrert vigselstal på over 25 000. Talet på skilsmisser låg på same nivået som i 2007, medan talet på separasjonar var noko høgare.

25 100 ekteskap vart inngått i 2008, ein auke på 1 650 sett i høve til førre året og ein auke på 3 400 på dei to siste åra. Ein må attende til 2000, og før det til 1976, for å finne tal som ligg over 25 000 vigslar per år. Talet på ekteskap frå eitt år til eit anna vil kunne variere med storleiken på dei ulike fødselskulla frå år til år.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar. 1978-2008

Sett i høve til førre året auka giftarmålsraten - førstegongsvigde per 1 000 ikkje tidlegare gifte - mest i aldersgruppene 35 år og over, både for kvinner og menn. For aldersgruppene under 30 år var det lita eller ingen endring i raten. Høgast giftarmålsrate var det i aldersgruppa 30-34 år, for både menn og kvinner.

Gjennomsnittsalderen for dei som giftar seg, har stadig auka sidan 1970-talet. For førstegongsvigde i 2008 var den 34,1 år for menn og 31,2 år for kvinner. Det er ein auke på 0,4 år for både kjønn samanlikna med året før.

Færre giftar seg i kyrkja

Stadig færre giftar seg i statskyrkja. Om lag 45 prosent gifta seg statskyrkjeleg i fjor, 33 prosent gifta seg borgarleg, 5 prosent gifta seg i eit anna trussamfunn og 17 prosent gifta seg i utlandet. Med unnatak av år 2000 har prosentdelen av vigslar i statskyrkja gått ned sidan midten av 1990-talet.

Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1986-2008. Prosent

Mange gifta seg 08.08.2008

Fredag den 8. august 2008 var det 1 051 par som gifta seg. Det er over tre gonger så mange vigslar som gjennomsnittet for alle fredagane i august månad i fjor, og meir enn åtte gonger så mange som ein gjennomsnittleg fredag i resten av året.

Over 50 prosent av alle som gifta seg i 2008, gjorde det på ein laurdag, og 26 prosent valde å gifta seg på ein fredag.

Færre skilde under 40 år

I 2008 var det 10 200 ekteskap som vart oppløyste ved skilsmisse. Skilsmisseraten - skilde per tusen gifte og separerte - gjekk ned i alle aldersgruppene 39 år og yngre, både for menn og kvinner, sett i høve til 2007. For aldersgruppene 50 år og over var endringa særs lita. Dei fleste menn som skilde seg, var i aldersgruppa 40-44 år, og dei fleste kvinner var i aldersgruppa 35-39 år, sett i høve til dei gifte og separerte i befolkninga. Flest skilsmisser samanlikna med talet på gifte og separerte kvinner var det i Finnmark og Oslo i 2008, færrast var det i Sogn og Fjordane.

For vel 50 prosent av para som skilde lag i fjor, hadde ekteskapet vara i 10 år eller meir, 30 prosent hadde vore gifte mellom 5-9 år og 8 prosent mellom 20-24 år. Sidan 1999 har delen skilsmisser for dei som har vore gifte mellom 5-9 år, auka med 7 prosentpoeng, medan han for dei som har vore gifte mellom 20-24 år, har gått ned med 3 prosentpoeng.

56 prosent av para som vart skilde i fjor, hadde felles barn under 18 år. Av dei om lag 10 000 barna som opplevde skilsmisse, var om lag helvta i aldersgruppa 6-12 år.

Det er ingen årleg statistikk som viser kor mange par som kvart år flyttar saman som sambuarar. SSB har heller ikkje årlege tal for sambuarpar som flyttar frå kvarandre, eller kor mange barn som opplever samlivsbrot.

Barn under 18 år som opplevde skilsmisse. Aldersgrupper. 2001-2008. Prosent

11 700 par vart separerte i fjor, ein liten auke frå 2007. Separasjonsraten - separerte per 1 000 gifte - var 13,6 for menn og 14,0 for kvinner, ein auke på høvesvis 0,2 og 0,3 frå året før.

Det vart inngått 224 registrerte partnarskap i 2008, ein nedgang på 43 i høve til førre året. For tredje året på rad vart det inngått fleire registrerte partnarskap mellom to kvinner enn mellom to menn. 58 partnarskap vart oppløyste ved skilsmisse, og 94 partnarpar vart separerte i 2008.

Frå 1. januar 2009 vart ekteskapslova endra slik at likekjønna par kan gifta seg. Det kan ha fått fleire til å vente med å inngå partnarskap, sjølv om det er mogleg å gjere om på eit partnarskap til eit ekteskap.

Tabeller: