Størst folkevekst i Akershus
Publisert:
Endret:
Folkemengda i Noreg er berekna til 5 297 000 innbyggjarar per 31. desember. Det gir ein folketilvekst på 38 500, eller 0,7 prosent i 2017. Akershus vil få den største folkeveksten, mens Sogn og Fjordane blir det einaste fylket med negativ folkevekst.
- Tala er henta frå
- Befolkning
For landet som heile har ikkje folkeveksten vore så liten sidan 2005, viser statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Nedgangen i folkeveksten heng hovudsakeleg saman med redusert nettoinnvandring til landet.
Berekningane viser at talet på dei som innvandra minus talet på dei som utvandra, ikkje har vore så lågt sidan i 2006.
I høve til folketalet viser berekningane at dei sentrale kommunane Nannestad, Ullensaker, Ås og Lørenskog, alle i Akershus, vil få den sterkaste folkeveksten.
Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2017, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2018, er difor ikkje tekne med.1
1 Figuren "Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst" er fjernet fra publiseringen.
Figur 1. Berekna folkevekst. Fylke. 2017¹
| Prosent | |
| Finnmark Finnmárku | 0.0 |
| Troms Romsa | 0.5 |
| Nordland | 0.3 |
| Nord-Trøndelag | 0.4 |
| Sør-Trøndelag | 1.1 |
| Møre og Romsdal | 0.2 |
| Sogn og Fjordane | -0.2 |
| Hordaland | 0.6 |
| Rogaland | 0.3 |
| Vest-Agder | 1.4 |
| Aust-Agder | 0.5 |
| Telemark | 0.2 |
| Vestfold | 0.9 |
| Buskerud | 0.8 |
| Oppland | 0.2 |
| Hedmark | 0.4 |
| Oslo | 0.9 |
| Akershus | 1.6 |
| Østfold | 0.9 |
| Heile landet | 0.7 |
Faktaside
Kontakt
-
Kirsten Dybendal
-
Laila Holmen Lystad
-
SSBs informasjonstjeneste
