90242
/bank-og-finansmarked/statistikker/avtpensj/aar
90242
Nedgang i AFP-ytingane
statistikk
2012-12-05T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
avtpensj, Avtalefesta pensjon (AFP) (opphørt), pensjonsytingar, tenestepensjon, resultatrekneskap, balanserekneskapFinansinstitusjoner og andre finansielle foretak, Bank og finansmarked
true

Avtalefesta pensjon (AFP) (opphørt)2011

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Nedgang i AFP-ytingane

Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta pensjon (AFP) vart på 3 375 millionar kroner i 2011. Det er ein nedgang på 6 prosent samanlikna med 2010.

Pensjonsytingane blei redusert med 220 millionar kroner i 2010, noko som hovudsakleg kjem av at den årlege ytinga i den nye AFP er lågare enn ytinga i den gamle AFP. Talet på AFP-pensjonistar auka med 25 prosent i 2011, til 30 981 pensjonistar. I 2011 vart ordinært resultat på minus 3 014 millionar kroner. Det er ei betring på 31,5 prosent samanlikna med 2010, og har si årsak i store endringar i framtidige pensjonsforpliktingar. Forvaltningskapitalen auka med 5 prosent, til 5 852 millionar kroner.