66024_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
66024
Auke i talet på ledige stillingar
statistikk
2012-02-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar4. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på ledige stillingar

Det var 62 200 ledige stillingar i 4. kvartal 2011. Det er ein auke på 6 400 frå same kvartal året før. Det meste av auken kom i privat sektor.

Auken i ledige stillingar var noko større i 4. kvartal enn i kvartalet før. Auken var derimot mindre enn i dei to første kvartala i 2011. Når ein ser på årlege gjennomsnitt, auka talet på ledige stillingar med 7 300 frå 2010 til 2011.

Lågare auke i forretningsmessig tenesteyting

Talet på ledige stillingar i varehandel og teknisk tenesteyting auka med høvesvis 1 700 og 1 500 frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. Talet på ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting auka med 1 400 i same perioden. Samanliknar vi dei andre kvartala i 2011 med tilsvarande kvartal året før, var auken for kvart kvartal på over 2 000 ledige stillingar i denne næringa.

Nedgang i byggje- og anleggsverksemd

Det var ein nedgang på 700 ledige stillingar i byggje- og anleggsverksemd frå 4. kvartal 2010 til same kvartal i 2011. Det var også nedgang siste år i helsetenester med 600 ledige stillingar, men samstundes var det ein auke på 1 000 ledige stillingar i pleie- og omsorgstenester.

Ledig stilling - definisjon

Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om ho på referansetidspunktet er oppteken av ein mellombels vikar eller av den personen som skal slutte.

Prosent ledige stillingar - definisjon

Talet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar.

Flest ledige stillingar i pleie- og omsorgstenester

I 4. kvartal 2011 var det flest ledige stillingar i pleie- og omsorgstenester, med 8 100. Deretter følgde forretningsmessig tenesteyting med 8 000 og varehandel med 6 400. Dei næringane som har mange sysselsette, har som oftast også mange ledige stillingar sidan mange her skal erstattast ved naturleg avgang og skifte av jobb. Men talet på ledige stillingar blir sjølvsagt også påverka av om næringa er inne i ei nedgangs- eller oppgangstid.

Auke i prosentdelen ledige stillingar

For alle næringane samla auka prosentdelen ledige stillingar frå 2,3 prosent i 4. kvartal 2010 til 2,5 prosent i 4. kvartal 2011. I forretningsmessig tenesteyting var prosentdelen ledige stillingar 5,7 i 4. kvartal 2011, og i pleie- og omsorgsverksemd 5,5. Prosentdelen ledige stillingar i teknisk tenesteyting var 4,6, medan den i bergverksdrift og utvinning var 3,8. Sistnemnte næring er dominert av oljenæringa. Det var teknisk tenesteyting og bergverksdrift og utvinning som hadde størst auke i prosentdelen ledige stillingar. Begge hadde ein auke på 1,1 prosentpoeng i 4. kvartal 2011 samanlikna med same kvartal året før.

Ledige stillingar i utvalde land i prosent av talet på alle stillingar (ledige stillingar + arbeidstakarforhold) . Alle næringar bortsett frå primærnæringane. 1. kvartal 2010-3. kvartal 2011

Nest høgste prosentdel i Europa

Noreg hadde, med 2,7 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2011, den nest høgste prosentdelen ledige stillingar blant landa i EU/EØS-området. Malta hadde den høgste prosentdelen ledige stillingar i 3. kvartal 2011, med 2,9 prosent. Etter Noreg følgde Tyskland, med 2,5 prosent ledige stillingar. Sverige og Danmark hadde høvesvis 1,4 og 1,3 prosent ledige stillingar i 3. kvartal i fjor, og for EU samla var prosentdelen 1,5. Samanlikninga med andre land er gjort for 3. kvartal 2011, sidan nyare tal ikkje er gjort offentlege for alle landa på tidspunktet for publiseringa av denne artikkelen. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon , sjå Eurostat sine heimesider .

Forholdet til NAVs statistikk over ledige stillingar

NAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang og behaldning av ledige stillingar fordelt på yrke .

NAVs tal for behaldning av ledige stillingar utgjer rundt 40 prosent av tala på ledige stillingar som SSBs statistikk viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er lyste ut gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert heimesider til bedriftene). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer same veg.

Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at NAVs tal gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan SSBs statistikk gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSBs tal baserte på ei utvalsundersøking, medan NAVs tal er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer.

Tabeller: