53987_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
53987
Nær 69 000 ledige stillingar
statistikk
2011-06-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar1. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nær 69 000 ledige stillingar

Det er ein vekst på 14 prosent, eller 8 300 ledige stillingar, frå 1. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011. Det viser dei første tala frå ein heilt ny kvartalsstatistikk frå SSB.

Av hovudnæringane hadde forretningsmessig tenesteyting flest ledige stillingar (9 400) i 1. kvartal 2011. Deretter følgde pleie- og omsorgstenester i institusjon med 8 500 ledige stillingar. Andre næringar med mange ledige stillingar var varehandel, teknisk tenesteyting og byggje- og anleggsverksemd, med høvesvis 5 600, 5 200 og 5 100 ledige stillingar.

Ikkje uventa har dei næringane som har flest sysselsette, også oftast flest ledige stillingar, sidan mange her skal erstattast ved naturlig avgang og skifte av jobb. Men også når ei næring går inn i ei oppgangstid, vil tala på ledige stillingar auke. Til dømes hadde byggje- og anleggsverksemda 13 prosent fleire ledige stillingar enn i industrien, sjølv om talet på sysselsette var 21 prosent lågare enn i industrien i 1. kvartal 2011.

Fleire ledige stillingar i privat sektor og færre i det offentlege

Hovudbiletet frå 1. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011 er at næringar dominert av bedrifter i privat sektor har klår vekst i talet på ledige stillingar, medan næringar dominert av det offentlege har nedgang - om enn beskjeden.

Ledig stilling - definisjon

Stillinga må vere utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar rommar til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som utelukkande er opne for interne søkarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir telt med sjølv om nokon er tilsett på referansetidspunktet, for eksempel ved ein mellombels vikar eller ved at den personen som hadde stillinga enno ikkje har slutta.

Del ledige stillingar - definisjon

Talet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar.

Høg del ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting

Delen ledige stillingar var 6,9 prosent i forretningsmessig tenesteyting. Andre næringar med høge delar ledige stillingar var pleie- og omsorgsverksemd i institusjon (6,0 prosent), teknisk tenesteyting (4,4 prosent) og informasjon og kommunikasjon (4,1 prosent). I undervisning var delen ledige stillingar låg, berre 1,3 prosent i det første kvartalet av 2011. Dette kan ha samanheng med at ein stor del av dei ledige stillingane i denne næringa blir lyst ut på faste tider av året. Til eksempel blir stillingane som lærarar utlyste i framkant av byrjinga av skuleåret. I 2. kvartal 2010 var delen ledige stillingar 2,9 prosent i undervisningsnæringa, medan den var 1,7 prosent i 1. kvartal det året.

Del ledige stillingar i utvalte land. Alle næringar (05-96) bortsett frå primærnæringane. I prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold). 1. kvartal 2010-1. kvartal 2011

Høg del ledige stillingar i Tyskland

Blant landa i EU/EØS-området som gjennomfører tilsvarande undersøkingar, og som det fanst resultat for då denne artikkelen blei skrive, var det Tyskland som hadde den høgste delen ledige stillingar, med 2,6 prosent i 4. kvartal 2010. Samanlikninga med andre land er gjort for 4. kvartal 2010 sidan nyare tal ikkje var gjort offentlege for alle landa enno.

Noreg hadde den nest høgste delen dette kvartalet, med 2,3 prosent. I Sverige og Finland var delane høvesvis 1,2 og 1,4 prosent, medan det for Danmarks del ikkje var publisert tal då denne artikkelen vart publisert. Lågast del ledige stillingar hadde Latvia med 0,3 prosent og Portugal med 0,4 prosent. Delen ledige stillingar i de 27 medlemslanda av EU samla var 1,5 prosent. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon , sjå Eurostat sine heimesider .

Kvifor denne nye statistikken?

Opplysningar om talet på ledige stillingar er nyttig for å analysere utviklinga i økonomien, og for å ha ei oversikt over etterspurnaden etter arbeidskraft i dei ulike næringane. Dette kan bli nytta av styresmakter i samfunnsplanlegging og av dei enkelte verksemder, både offentlege og private, i sine analyser. Denne statistikken blir gjennomført i alle EU-land, og Noreg plikter å følgje opp som ein del av EØS-avtalen. Det er ei utvalsundersøking som blei starta 1. kvartal 2010 med om lag 8 000 deltakande bedrifter. Sjå Om statistikken .

Tal på ledige stillingar frå SSBs undersøking og frå NAVs tal for behaldning. 2010
Tidspunkt SSB: Tal på ledige stillingar NAV: Behaldning av ledige stillingar NAVs tal i prosent av SSBs tal
Utgangen av februar 2010 60 500 28 220 46,6
Utgangen av mai 2010 67 900 24 367 35,9
Utgangen av august 2010 63 900 24 472 38,3
Utgangen av november 2010 55 800 22 785 40,8
Utgangen av februar 2011 68 900 30 301 44,0

Forholdet til NAVs statistikk om ledige stillingar

NAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang og behaldning av ledige stillingar fordelt på yrke .

NAVs tal for behaldning av ledige stillingar utgjer rundt 40 prosent av tala på ledige stillingar som den nye statistikken til SSB viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er utlyst gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert bedriftenes eigne heimesider). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer same veg.

Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at NAVs tal gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan SSBs statistikk gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSBs tal baserte på ei utvalsundersøking, medan NAVs tal er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer.

Tabeller: