84739_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/arkiv
84739
Ikkje lenger vekst i ledige stillingar
statistikk
2012-05-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar1. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ikkje lenger vekst i ledige stillingar

Det var 69 200 ledige stillingar i 1. kvartal 2012, mot 68 900 i 1. kvartal 2011. Dette er ein langt svakare vekst jamført med i 2011.

Sjølv om det samla talet på ledige stillingar var om lag det same i 1. kvartal 2012 som året før, var det likevel endringar innanfor dei ulike næringane. Talet på ledige stillingar i varehandel og forretningsmessig tenesteyting auka med høvesvis 1 500 og 1 400 stillingar frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. I den same perioden vart det 800 fleire ledige stillingar i industrien, mens tala syner ein auke på 1 400 ledige stillingar i undervisning. Den sistnemnde næringa har klåre sesongsvingingar i ledige stillingar, og 2. kvartal har vore toppunktet i 2010 og 2011. Ein kan ikkje sjå bort frå at den sterke veksten som ein nå ser frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012, kan henge saman med det endra tidspunktet for når skular lyser ut stillingar.

Nedgang i teknisk tenesteyting og pleie- og omsorgstenester

Det var ein nedgang på 1 200 ledige stillingar i teknisk tenestyting frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Det var også ein nedgang i pleie- og omsorgstenester og i sosiale omsorgstenester utan bustadtilbod, med høvesvis 1 900 og 1 500 færre ledige stillingar. Likevel er pleie- og omsorgstenesta framleis ei næring som er mellom dei med den høgste delen ledige stillingar.

Ledig stilling - definisjon

Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet), blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir telt med sjølv om ho på referansetidspunktet er oppteken av ein mellombels vikar eller av den personen som skal slutte.

Prosent ledige stillingar - definisjon

Talet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar.

Ledige stillingar. 1. kvartal 2010-1. kvartal 2012

Flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting

Det var flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting, med 10 800 stillingar, i 1. kvartal 2012. Deretter følgde varehandel med 7 100 ledige stillingar, mens pleie- og omsorgstenester hadde 6 600 ledige stillingar. Dei næringane som har mange sysselsette, har som oftast også mange ledige stillingar sidan mange då skal erstattast ved naturleg avgang og skifte av jobb. Talet på ledige stillingar blir sjølvsagt også påverka av om næringa er inne i ei nedgangs- eller oppgangstid.

2,8 prosent ledige stillingar

Samla var prosentdelen ledige stillingar 2,8 prosent 1. kvartal 2012. Dette er den same prosentdelen som i 1. kvartal året før. I forretningsmessig tenesteyting var det 7,5 prosent ledige stillingar, som er ein oppgang på 0,6 prosentpoeng frå i fjor. I pleie- og omsorgstenester var det 4,6 prosent ledige stillingar, som er ein nedgang på 1,4 prosentpoeng. Prosentdelen ledige stillingar innanfor informasjon og kommunikasjon var på 4,2 prosent, som er om lag det same som i 1. kvartal 2011.

Tyskland har høgst prosentdel ledige stillingar i Europa

I 4. kvartal 2011 hadde Tyskland den høgste prosentdelen ledige stillingar blant landa i EU/EØS-området med 3 prosent ledige stillingar. Nyare tal er førebels ikkje gjort offentlege for alle landa, samanlikninga mellom landa er derfor gjort for 4. kvartal 2011.

Ledige stillingar i utvalde land i prosent av talet på alle stillingar (ledige stillingar + arbeidstakarforhold). Alle næringar bortsett frå primærnæringane. 1. kvartal 2010-4. kvartal 2011

Noreg hadde den nest høgste prosentdelen ledige stillingar, med 2,5 prosent, i 4. kvartal 2011. Deretter følgde Austerrike med 1,8 prosent ledige stillingar. Sverige og Finland hadde høvesvis 1,3 og 1,6 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2011, medan prosentdelen for EU samla var 1,5. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon , sjå Eurostat sine heimesider .

Forholdet til NAV sin statistikk om ledige stillingar

NAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang av ledige stillingar fordelt på yrke .

NAV sine tal for tilgang av ledige stillingar utgjer mellom 30 og 40 prosent av tala på ledige stillingar som SSB sin statistikk viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er lyste ut gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert heimesider til bedriftene). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer den same vegen.

Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at NAV sine tal gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan SSB sin statistikk gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSB sine tal baserte på ei utvalsundersøking, medan NAV sine tal er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer.

Tabeller: