9809_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9809
30 000 fleire fagorganiserte
statistikk
2007-05-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

30 000 fleire fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde vel 1 547 000 personar ved utgangen av 2006. Dette var ein auke på i underkant av 30 000 personar frå 2005.

Landsorganisasjonen i Noreg hadde vel 834 000 medlemer, ein auke på vel 11 500 medlemer samanlikna med året før. Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund hadde vel 206 000 medlemer, som var ein auke på vel 4 500 medlemer. Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskoleutdanna talde 268 000 medlemer, eller i underkant av 23 500 fleire enn året før. Til samanlikning hadde Akademikarane 131 000 medlemer, som var i underkant av 12 000 færre enn i 2005.

Dei fire store hovudsamanslutningane organiserer om lag 93 prosent av alle fagorganiserte.

Talet på fagorganiserte utanfor dei fire store arbeidstakarorganisasjonane var samla sett vel 108 000 personar, ein auke på i overkant av 2 000 personar frå 2005.

Arbeidsgivarsamanslutningar

På arbeidsgivarsida var 16 600 bedrifter medlemer i Næringslivets Hovudorganisasjon med i overkant av 480 000 tilsette. Dette var ein auke på i underkant av 600 bedrifter frå 2005.

Handels- og servicenæringens hovudorganisasjon organiserte 11 800 bedrifter med i overkant av 152 000 tilsette. Dette var ein auke på vel 800 bedrifter frå året før.

Arbeidsgivarforeininga NAVO hadde 186 medlemsbedrifter med om lag 165 000 tilsette i 2006, medan KS hadde i underkant av 900 medlemsbedrifter med i overkant av 400 000 tilsette.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtaler og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av rent fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31.12.2006.

Tabeller: