52757_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/aar
52757
22 000 fleire fagorganiserte
statistikk
2011-05-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

22 000 fleire fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde i underkant av 1 659 000 personar per 31. desember 2010. Dette var ein auke på vel 22 000 personar frå 2009.

Dei fire store hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikarane organiserer om lag 93 prosent av medlemene i arbeidstakarorganisasjonane.

På arbeidsgivarsida er det små endringar i talet på medlemsbedrifter med tariffavtale samanlikna med året før.

Sjå fleire tal i Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken vert innhenta frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane og omfattar talet på medlemer per 31. desember.

Dette er arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og forhandlingar om lønn. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken.

Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare.