890_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arbkonfl/aar
890_om
statistikk
2016-05-11T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
false

Arbeidskonfliktar2015

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Arbeidskonfliktar
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Med arbeidskonflikt meines ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år reknes ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, telles som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsetter neste år skal tas med i begge åra.

I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meines nedlegging av arbeidet frå de tilsettes side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlige streikar, ulovlige streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar utestenges frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.

Arbeidstakarar med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meines fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.

Talet på tapte arbeidsdagar

Varigheita av ein konflikt målas i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. virkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.

Standard klassifikasjonar

Næringsgruppering. Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næringer i henhold til Standard for næringsgruppering (SN 2002), som er den norske versjonen av den internasjonale standarden International Industrial Classification (SIC94).

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit