Stort fall i ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar gjekk ned med 16 000 frå 1. til 2. kvartal 2020. Dette er ein nedgang på heile 23 prosent.

Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den store nedgangen i talet på ledige stillingar i 2. kvartal 2020 heng saman med koronakrisa som inntrefte Noreg i mars. Dette er det første kvartalet krisa påverkar tala i denne statistikken fordi referansetidspunktet er midtmånaden i kvartalet. Les om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Sesongjustert Trend
2. kv. 2010 61500 61100
3. kv. 2010 65700 63000
4. kv. 2010 63200 63700
1. kv. 2011 65800 66200
2. kv. 2011 71600 69500
3. kv. 2011 70100 70500
4. kv. 2011 70200 69500
1. kv. 2012 66100 67200
2. kv. 2012 65000 64500
3. kv. 2012 63500 64100
4. kv. 2012 65600 65100
1. kv. 2013 64600 65900
2. kv. 2013 67600 65600
3. kv. 2013 61500 62100
4. kv. 2013 57400 58200
1. kv. 2014 58900 57900
2. kv. 2014 59000 58300
3. kv. 2014 56800 57400
4. kv. 2014 59800 57100
1. kv. 2015 57700 56700
2. kv. 2015 56500 54800
3. kv. 2015 52200 52600
4. kv. 2015 50300 51000
1. kv. 2016 53100 50600
2. kv. 2016 51000 51900
3. kv. 2016 55000 53900
4. kv. 2016 54200 55900
1. kv. 2017 56100 57900
2. kv. 2017 58800 59300
3. kv. 2017 60000 60800
4. kv. 2017 64000 63500
1. kv. 2018 66100 66200
2. kv. 2018 68000 68200
3. kv. 2018 72300 68700
4. kv. 2018 65500 69100
1. kv. 2019 73200 71800
2. kv. 2019 75900 74000
3. kv. 2019 69900 72700
4. kv. 2019 70700 69800
1. kv. 2020 69500 67800
2. kv. 2020 53500 54500

Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 1,9 i 2. kvartal 2020, ned 0,4 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal. I løpet av perioden har det som nemnt vore ein stor nedgang i talet på ledige stillingar, men talet på arbeidsforhold har også gått noko ned. Dette siste trekker isolert sett prosentdelen ledige stillingar opp. Derfor er den relative nedgangen i prosentdelen ledige stillinga noko mindre enn den relative nedgangen i talet på ledige stillingar.

Fall på sytti prosent i olje og gass

Nesten alle næringar hadde nedgang i talet på ledige stillingar frå 1. til 2. kvartal 2020. I næringa bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar ned frå 1 000 i 1. kvartal til berre 300 i 2. kvartal. I mars falt oljeprisen kraftig og den var på eit botnpunkt i mai, som er referansetidspunktet for 2. kvartal i denne statistikken.

Andre næringar med stort fall i talet på ledige stillingar inkluderte transport og lagring samt overnatting- og servering. Disse to næringane hadde nedgang i talet på ledige stillingar på høvesvis 48 og 43 prosent frå 1. til 2. kvartal. Dette var blant næringane som blei særskilt ramma av tiltaka myndigheitene iverksette i mars for å redusere spreiinga av koronaviruset.

Handtering av koronakrisa i statistikken over ledige stillingar

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har i fleire næringar gått ned i 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som er ramma av de nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Nedgangen i talet på arbeidsforhold heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar.

Faktaside

Kontakt