Fleire ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 9 700 frå 2. til 3. kvartal 2020. Auken kjem etter ein stor nedgang i førre kvartal, da talet på ledige stillingar gjekk ned med 15 900.

Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Dei store svingingane i talet på ledige stillingar sida 1. kvartal heng saman med koronakrisa som fyrst inntrefte Noreg i mars. Etter eit stort fall i ledige stillingar i 2. kvartal har talet på ledige stillingar auka frå 53 600 til 63 300 i 3. kvartal. Figur 1 visar korleis dei sesongjusterte tala aukar siste kvartal, medan tala som ikkje er justert endrar seg lite. Forskjellen kan sjåast i samanheng med at effekten av koronakrisa ikkje inngår i grunnlaget for sesongmønsteret, og at ein normalt ser ein stor nedgang i talet som ikkje er justert frå 2. til 3. kvartal. Les meir om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Sesongjustert Trend Ujustert
3. kv. 2010 65700 63000 63900
4. kv. 2010 63200 63800 55800
1. kv. 2011 65800 66200 68900
2. kv. 2011 71600 69500 78500
3. kv. 2011 70100 70500 68000
4. kv. 2011 70200 69500 62200
1. kv. 2012 66100 67200 69200
2. kv. 2012 65000 64500 72000
3. kv. 2012 63500 64000 60900
4. kv. 2012 65600 65100 57800
1. kv. 2013 64600 65900 67600
2. kv. 2013 67700 65600 74300
3. kv. 2013 61500 62100 59100
4. kv. 2013 57400 58200 50900
1. kv. 2014 58900 57900 61800
2. kv. 2014 59000 58300 64800
3. kv. 2014 56800 57400 54100
4. kv. 2014 59800 57100 53700
1. kv. 2015 57700 56700 60400
2. kv. 2015 56500 54800 62800
3. kv. 2015 52200 52600 49500
4. kv. 2015 50300 51000 45000
1. kv. 2016 53100 50600 55300
2. kv. 2016 51000 51900 56200
3. kv. 2016 54900 53900 52300
4. kv. 2016 54200 56000 48700
1. kv. 2017 56100 57900 58300
2. kv. 2017 58800 59300 65400
3. kv. 2017 59900 60700 56700
4. kv. 2017 64000 63500 58000
1. kv. 2018 66200 66300 68400
2. kv. 2018 68000 68200 75200
3. kv. 2018 72100 68700 68400
4. kv. 2018 65500 69100 59700
1. kv. 2019 73300 71900 75700
2. kv. 2019 76000 74100 84500
3. kv. 2019 69700 72700 65800
4. kv. 2019 70700 69800 63900
1. kv. 2020 69500 67800 71600
2. kv. 2020 53600 54500 59900
3. kv. 2020 63300 63500 59400

Størst auke innan pleie- og omsorgstenester

Fleire næringar hadde ein auke i talet på ledige stillingar frå 2. til 3. kvartal 2020. Etter ein stor nedgang på 700 førre kvartal, auka talet på ledige stillingar innan bergverksdrift og utvinning med 400 siste kvartal. Same trend finner ein også innan transport og lagring, og varehandel. Størst auke var det i pleie- og omsorgstenester, der talet på ledige stillingar auka frå 4 600 til 7 300.

Handtering av koronakrisa i statistikken over ledige stillingar

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har i fleire næringar gått ned etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som er ramma av de nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Nedgangen i talet på arbeidsforhold heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar.

Faktaside

Kontakt