Auke i ledige stillingar

Publisert:

Talet på ledige stillingar gjekk opp med 2 700 frå 3. til 4. kvartal 2020. Etter at koronakrisa trefte Noreg i mars, såg vi ein nedgang i ledige stillingar i 2. kvartal, etterfølgd av ein auke i 3. kvartal. Denne auken heldt fram i 4. kvartal.

Talet på ledige stillingar gjekk opp frå 62 900 til 65 600 i 4. kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Denne endringa svarer til ein auke på fire prosent. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 i 4. kvartal. Nivået er uendra frå førre kvartal.

Figur 1 viser at sesongmønsteret har endra seg det siste året. Før 2020 gjekk talet på ledige stillingar som ikkje er justert som regel ned frå 3. til 4. kvartal, medan det i 2020 har auka litt. Dette kan sjåast i samanheng med koronakrisa. Effekten av koronakrisa inngår ikkje i grunnlaget for sesongmønsteret. Les meir om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Sesongjustert Trend Ujustert
4. kv. 2010 63200 63700 55800
1. kv. 2011 65800 66300 68900
2. kv. 2011 71600 69600 78500
3. kv. 2011 70100 70500 68000
4. kv. 2011 70100 69500 62200
1. kv. 2012 66200 67200 69200
2. kv. 2012 65100 64600 72000
3. kv. 2012 63500 64000 60900
4. kv. 2012 65600 64900 57800
1. kv. 2013 64400 65700 67600
2. kv. 2013 67700 65400 74300
3. kv. 2013 61500 62000 59100
4. kv. 2013 57400 58300 50900
1. kv. 2014 58800 57900 61800
2. kv. 2014 59100 58300 64800
3. kv. 2014 56900 57500 54100
4. kv. 2014 59800 57100 53700
1. kv. 2015 57600 56600 60400
2. kv. 2015 56600 54700 62800
3. kv. 2015 52100 52500 49500
4. kv. 2015 50300 51100 45000
1. kv. 2016 53000 50700 55300
2. kv. 2016 51100 51900 56200
3. kv. 2016 54900 53900 52300
4. kv. 2016 54200 56000 48700
1. kv. 2017 56000 57900 58300
2. kv. 2017 58900 59200 65400
3. kv. 2017 59900 60700 56700
4. kv. 2017 64100 63500 58000
1. kv. 2018 66000 66300 68400
2. kv. 2018 68300 68300 75200
3. kv. 2018 71900 68800 68400
4. kv. 2018 65500 69100 59700
1. kv. 2019 73000 71900 75700
2. kv. 2019 76500 74400 84500
3. kv. 2019 69400 73200 65800
4. kv. 2019 70700 70100 63900
1. kv. 2020 69100 67700 71600
2. kv. 2020 54100 55100 59900
3. kv. 2020 62900 62900 59400
4. kv. 2020 65600 65000 60000

Flest ledige stillingar innan pleie- og omsorgstenesta

Utviklinga i ledige stillingar frå 3. til 4. kvartal varierer som vanleg på tvers av næringar. Førre kvartal var det størst vekst i talet på ledige stillingar i pleie- og omsorgstenesta. Også i dette kvartalet auka nivået og det er dermed den næringa med flest ledige stillingar totalt. Størst auke i talet på ledige stillingar finn vi innan informasjon og kommunikasjon og helsetenester, med høvesvis 1300 og 1200 fleire ledige stillingar. Forretningsmessig tenesteyting har den største nedgangen med 900 færre ledige stillingar enn førre kvartal.

Handtering av koronakrisa i statistikken over ledige stillingar

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har i fleire næringar gått ned etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som er ramma av de nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Nedgangen i talet på arbeidsforhold heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar.

Faktaside

Kontakt