94573
/valg/statistikker/stemmerettst/hvert-4-aar
94573
3 636 200 med røysterett ved stortingsvalet
statistikk
2013-04-25T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
stemmerettst, Stortingsvalet, personar med røysterett, veljarar, fyrstegongsveljarar, veljarar med innvandrarbakgrunnStortingsvalg, Valg, Valg, Innvandring og innvandrere
false

Stortingsvalet, personar med røysterett1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3 636 200 med røysterett ved stortingsvalet

Om lag 3 636 200 har røysterett ved årets stortingsval, noko som er 108 000 fleire i høve til 2009. Av desse er 1 085 600 eldre veljarar over 60 år, 248 900 er fyrstegongsveljarar, og 206 800 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn.

Stortingsvalet 2013. Personar med røysterett, etter fylke. (Utrekna tal)
Personar med røysterett i altNye røysteføre grunna oppnådd alder i høve tilPersonar 60 år og over med røysterettRøysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn
Førre lokalval 18-19 årFørre stortingsval 18-21 år
Heile landet3 636 200124 500248 9001 085 600206 800
 
Østfold208 1007 00013 90066 90013 700
Akershus393 30014 60028 600112 10028 000
Oslo434 20010 80023 100102 10073 100
Hedmark148 0004 7009 50052 2004 100
Oppland142 0004 7009 40049 2003 600
Buskerud193 3006 50012 50061 30013 100
Vestfold176 2006 30012 10056 3008 100
Telemark128 2004 4008 60042 5005 400
Aust-Agder81 8002 9005 80025 3003 000
Vest-Agder126 2004 8009 60036 2006 900
Rogaland308 40011 80023 50081 60014 100
Hordaland357 10012 60025 300103 00013 200
Sogn og Fjordane78 4003 0006 00026 4001 300
Møre og Romsdal187 6006 60013 10061 9004 000
Sør-Trøndelag222 0007 30015 30063 2007 000
Nord-Trøndelag100 0003 7007 30033 2001 600
Nordland179 4006 50012 80059 7003 000
Troms Romsa118 6004 3008 60036 0002 300
Finnmark Finnmárku53 4002 0003 90016 5001 300

Den totale mengda røysteføre personar har auka med 3,1 prosentpoeng samanlikna med førre stortingsval i 2009. Dette er same auken som var frå 2005 til 2009. Samanlikna med valet for fire år sidan er auken størst i Oslo, med 19 100 røysteføre. Akershus har 18 500 fleire og Hordaland har ein auke på 13 100 . I Sogn- og Fjordane er det berre 100 fleire røysteføre samanlikna med valet for fire år sidan, Finnmark har 500 fleire.

Stabil gruppe unge veljarar

I alt er det 248 900 veljarar som kan røysta for fyrste gong ved stortingsvalet, og av desse er 124 500 i den yngste aldersgruppa 18-19 år. Dette er som ved sist val. Delen av unge røysteføre av den totale mengda røysteføre er òg ved dette valet høgast i Rogaland, Vest-Agder og Sogn og Fjordane med åtte prosent. Lågast del av unge har Oslo med 5 prosent, deretter fylgjer Hedmark og Buskerud med 6 prosent.

Eldre utgjer 30 prosent av alle veljarane

Mengda røysteføre på 60 år og eldre er 1 085 600, noko som er ein auke på 66 300 sidan sist stortingsval. I prosent utgjer denne aldersgruppa 30 prosent av alle røysteføre. Flest eldre veljarar er det i Hedmark og Oppland med 35 prosent, færrast er det i Oslo og Rogaland med høvesvis 24 og 26 prosent

Stabil auke av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn

206 800 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved dette stortingsvalet. Det er 42 700, eller 26 prosent, fleire samanlikna med valet i 2009. Delen av den totale mengda røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har auka frå 4,7 prosent i stortingsvalet i 2009, til 5,7 prosent i det kommande valet.

Som ved dei siste stortingsvala er det flest med bakgrunn frå Pakistan, heile 20 200. 14 400 har bakgrunn frå Vietnam, 12 600 frå Irak og 11 400 frå Iran. Røysteføre med somalisk og irakisk bakgrunn har òg ved dette stortingsvalet den største prosentvise auken, med høvesvis 64 og 48 prosent. Dei utgjer no høvesvis 5,7 og 6,1 prosent av den totale mengda røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB