221678
/helse/statistikker/pleie/aar-forelopige
221678
Omsorgstenester for 100 milliardar
statistikk
2015-06-24T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)Helsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
true
Statistikken for pleie- og omsorgstjenestene viser utgifter, personell, mottakere/brukere og plasser. I 2014 passerte utgifter til omsorgstjenester 100 milliarder.

Omsorgstenester2014, førebelse tal

Tal for 2015 publiseres 29. juni 2016.

Innhald

Publisert:

Omsorgstenester for 100 milliardar

I 2014 passerte driftsutgifter til omsorgstenester 100 milliardar kroner. Tenester til heimebuande står for ein stadig større del, no på nær halvparten av totale utgifter. Talet på heimetenestebrukarar i alt held seg stabilt, men talet på yngre brukarar i denne tenesten aukar.

Pleie- og omsorg. Nøkkeltal
2014Prosentvis endring
Brukarar av omsorgstenester2013 - 20142010 - 2014
I alt271 7430,12,3
Berre praktisk hjelp39 078-4,7-12,3
Berre heimesjukepleie77 8643,815,6
Både praktisk hjelp og heimesjukepleie63 085-1,20,7
Tidsavgrensa opphald i institusjon9 2301,72,1
Langtidsopphald i institusjon33 843-0,4-1,8
Andre tenester til heimebuande48 6430,32,1
 
Helse- og omsorgsinstitusjonar
Plassar41 310-0,3
Delen private plassar11,16,0
Andel plasser i brukertilpasset enerom m/ eget bad/wc81,21,56,8
Legetimer pr. uke pr. beboer i sykehjem0,496,532,4
 
Personell i omsorgstenestene
Årsverk134 323,761,26,4
Andel årsverk i brukerrettede tjenester m/ fagutdanning751,44,2
Andel legemeldt sykefravær av totalt antall kommunale årsverk i brukerrettet tj8,93,5-3,3
 
Utgifter i omsorgstjenestene
Omsorgstjenestene100 917 8386,828
Samhandling5 827 57110.

Meir tenester til heimebuande skjer på kostnad av institusjonane, som har hatt ein lågare utgiftsvekst, og står med 45 prosent av utgiftene. Dei resterande 5 prosentane går til aktiviserings- og servicetenester. Denne delen har vore tilnærma uendra over mange år.

Like mange sjukeheimsplasser, men fleire einerom

Ei av årsakene til at utgifter til institusjon aukar mindre enn tenester til heimebuande, er at talet på plassar har halde seg stabilt. I 2014 var det 40 184 sjukeheimsplassar, som er det same som i 2013. Det er likevel viktig å understreke at dette er nettotal: Drygt 100 kommunar har hatt ein auke i talet på plassar, og nesten like mange som har hatt ein nedgang. Men endringane er gjerne små - det er berre seks kommunar som har ein større nedgang enn 25 plassar. Dette blir kompensert av at like mange kommunar har hatt ein tilsvarande auke i talet på plassar.

Nye sjukeheimar og avdelingar med høgare standard erstattar eldre. Einerom utgjer no nærare 98 prosent, og brukartilpassa einerom med eige bad og wc vel 81 prosent. Talet på plassar i aldersheimar held fram med å gå ned, med 10 prosent til vel 1 100 i 2014.

Det var om lag like mange sjukeheimsbebuarar ved utgangen av 2014 som året før, om lag 40 500. Målt gjennom året var belegg i sjuke- og aldersheim sett under eitt på 98 prosent. På landsbasis har det i lengre tid vore nær full utnytting av plassane. Går ein ned på kommunenivå, er det større lokale skilnader i begge retningar, med både stort overbelegg og stort underbelegg. Dette kan mellom anna skuldast modernisering av bygningsmassen eller omorganisering av tenestetilbodet i løpet av året.

Fleire yngre heimetenestebrukarar

Sjølv om også talet på heimetenestebrukarar totalt held seg på eit tilnærma uendra nivå på i overkant av 190 000 i 2014, aukar stadig talet på yngre brukarar. Medan talet på brukarar på 67 år og eldre har gått ned med nærare 1 000 til 107 500, har talet på brukarar under 67 år gått tilsvarande opp, til nærare 84 500. Blant dei eldre, særleg dei over 80 år og over, har det vore ein nedgang i delen innbyggjarar som er brukarar av heimetenester, særleg praktisk bistand..

Talet på brukarar med omfattande bistandsbehov har auka med nær 1 000. Sidan 2007, då registreringane tok til, har det vore ein jamn auke i delen med omfattande bistandsbehov, uavhengig av alder. Dermed har behovet for ressursar totalt auka, sjølv om ikkje talet på brukarar totalt har auka nemneverdig.

Gjennomsnittlig tal på tildelte timar for praktisk bistand har auka med nærare 10 prosent frå 2013, og er no på 9 timar per brukar per veke. Tilsvarande tal for heimesjukepleie er uendra på rundt halvparten av nivået til praktisk bistand.

Auke i private institusjonsplassar og årsverk

Det auka behovet for ressursar er møtt ved at talet på årsverk i brukarretta teneste per brukar har auka frå 0,45 i 2009 til 0,49 i 2014. Det er nå drygt 134 000 årsverk i omsorgstenesta, inkludert nærare 10 000 årsverk frå privat verksemd som utfører tenester på vegne av det offentlige.

Dei siste to åra har talet på private årsverk stege med rundt 7 prosent i året, etter to år med berre svak auke før dette. Auken har særleg skjedd i heimetenestene. Delen private institusjonsplassar viser ein svak auke til elleve prosent av alle plasser totalt, og for første gang er det fleire plassar drivne av kommersiell verksemd enn plassar drivne av ideelle organisasjonar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB