5432
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5432
Flest menn i styra
statistikk
2008-06-13T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest menn i styra

Det er framleis 83 prosent menn i styra i aksjeselskapa, og sju av ti aksjeselskap har berre menn i styret. Delen kvinner i styra i allmennaksjeselskapa har auka etter lova om kjønnsrepresentasjon.

AS og ASA, etter kjønn til styrerepresentantane. Prosent

I aksjeselskapa (AS) er det framleis 17 prosent kvinner i styra. I allmennaksjeselskap (ASA) utgjer kvinner no 36 prosent av styrerepresentantane, mot 25 prosent i 2007.

Forklaringa på denne veksten er i hovudsak lova om kjønnsrepresentasjon i styrer i allmennaksjeselskap. I nye ASA er 39 prosent av styrerepresentantane kvinner, mot 15,5 prosent i nye AS.

6,5 prosent av alle AS har berre kvinnelege styrerepresentantar, medan 72 prosent har berre menn i styra. Di større styra er, di høgare er delen styrer med både menn og kvinner.

Åtte av ti AS innanfor byggje- og anleggsverksemd, fiske og finansiell tenesteyting og forsikring har berre menn i styret, medan 17 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester og andre sosiale og personlege tenester har berre kvinner i styret. Flest styrer med begge kjønn finn ein innanfor kraft- og vassforsyning, der 36 prosent av selskapa har begge kjønn representert i styret.

Få kvinner er daglege leiarar

Berre 14 prosent av aksjeselskapa har ei kvinne som dagleg leiar. Størst del kvinner som dagleg leiar finn ein i AS med ein til ni tilsette. Innanfor kvar av næringane helse- og sosialtenester og andre sosiale og personlege tenester er 35 prosent av dei daglege leiarane kvinner.

I allmennaksjeselskapa er 5 prosent av dei daglege leiarane kvinner, men ingen av dei nye ASA i 2007 har ei kvinne som dagleg leiar.

Dei fleste har eitt styreverv

To av tre styrerepresentantar har berre eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 80 prosent av dei kvinnelege styrerepresentantane har berre eitt styreverv, mot 63 prosent av dei mannlege styrerepresentantane. Ein av fire mannlege styrerepresentantar har to til tre styreverv.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB