5434
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5434
Fire av fem allmennaksjeselskap oppfyller kravet
statistikk
2008-01-14T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fire av fem allmennaksjeselskap oppfyller kravet

78 prosent av allmennaksjeselskapa oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon i styra per 1. januar 2008. Dette er ein auke på 21 prosentpoeng dei siste seks månadene. Med dette risikerer no om lag ein femtedel av norske allmennaksjeselskap å bli tvangsoppløyste.

Fristen for å oppfylle kravet til førti prosent kvinner i ASA-styra gjekk ut 1. januar 2008. Med dette risikerer 22 prosent av norske allmennaksjeselskap (ASA) å bli tvangsoppløyste.

Rask utvikling dei siste to åra

Delen allmennaksjeselskap som oppfyller likestillingskrava har auka frå 17,5 til 78 prosent sidan den nye lova om kjønnsrepresentasjon tok til å gjelde 1. januar 2006. Føretaka fekk da ein frist på to år til å innfri krava. Kvinner utgjer no 36 prosent av alle styrerepresentantar (styreleiar, nestleiar, styremedlem).1Delen kvinner blant styreleiarane har i den same perioden auka frå 2,4 til 5 prosent.

Manglar 137 kvinner

Det var registrert 481 allmennaksjeselskap i Brønnøysundregistra per 1. januar 2008. 91 av desse selskapa manglar 124 eigarvalde og 13 tilsettevalde kvinnelege styrerepresentantar for å oppfylle likestillingskrava.

Aldersfordeling og utdanningsnivå

Over 40 prosent av dei i alt 2 486 styrerepresentantane er i aldersgruppa 45 til 54 år. 45 prosent av kvinnene og 37 prosent av mennene er i denne gruppa. Det er ikkje registrert nokon representantar under 25 år. 33 prosent av kvinnene og 27 prosent av mennene har høgare utdanning av høg grad.

Kravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierar med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar, skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

Det er vidare krav til dei tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representert. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell vekk dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette.

Statistikken omfattar styreleiar, nestleiar og styremedlem. Vararepresentantar er haldne utanfor

1  Setningen er endret 14. januar 2008 kl. 1235.

Kjelder

Datagrunnlaget er alle registrerte allmennaksjeselskap i Einingsregisteret/Føretaksregisteret i Brønnøysundregistra.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB