5438_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5438
Menn styrer aksjeselskapa
statistikk
2007-06-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Styre og leiing i aksjeselskap2006/2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Menn styrer aksjeselskapa

Menn dominerer styra i norske aksjeselskap. Gjennomsnittleg 15 prosent av styrerepresentantane og dei daglege leiarane i aksjeselskap (AS) er kvinner. I allmennaksjeselskapa (ASA) er ein av fire styrerepresentantar ei kvinne, medan om lag 4 prosent av dei daglege leiarane er kvinner.

Andel daglege leiarar og styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn. 1. januar 2007

Di fleire tilsette eit aksjeselskap har, di høgare er delen kvinnelege styrerepresentantar. I AS med 250 eller fleire tilsette er 19,5 prosent av styrerepresentantane kvinner, medan tilsvarande tal for ASA er 35 prosent. Ei forklaring på denne skilnaden mellom AS og ASA kan vere lova om kjønnsrepresentasjon i styra (som berre omfattar ASA).

Om lag 14 prosent av dei daglege leiarane i AS er kvinner. Tilsvarande tal for ASA er vel 4 prosent. Delen kvinnelege daglege leiarar er større i føretak med få tilsette enn i føretak med mange tilsette. Aksjeselskap med ein til ni tilsette har størst del kvinnelege daglege leiarar (17 prosent).

Få personar med innvandrarbakgrunn i styra

I styra i AS og ASA er personar med innvandrarbakgrunn svakt representerte. Personar frå ikkje-vestlege land utgjer 1,3 prosent, og personar frå vestlege land utanom Noreg utgjer 1,9 prosent av styrerepresentantane. For daglege leiarar er delen med innvandrarbakgrunn noko høgare: 1,8 prosent har bakgrunn frå ikkje-vestlege land, medan 2,3 prosent er frå vestlege land.

Dei fleste styrerepresentantane og daglege leiarane frå ikkje-vestlege land i AS er mellom 25 og 44 år gamle, medan dei fleste norske og andre vestlege styrerepresentantane er i aldersgruppa 45 til 66 år.

Næringa som har størst del styrerepresentantar og daglege leiarar frå ikkje-vestlege land er hotell- og restaurantverksemd. Dette gjeld både i eksisterande og nyetablerte aksjeselskap. Her utgjer dei mellom 10 og 17,4 prosent.

Vanlegast med eitt styreverv

Sju av ti styrerepresentantar har éi styrerolle, medan ein av fire har to eller tre styreroller. Nesten ein av fire mannlege daglege leiarar har denne rolla i to eller tre føretak, medan tilsvarande tal for kvinnelege daglege leiarar er 11 prosent.

Eitt av ti nye aksjeselskap har ein styreleiar som og er styreleiar i fleire andre føretak. I to av tre nyetablerte aksjeselskap er den daglege leiaren samstundes styreleiar i føretaket.

Tabeller: