5442_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5442
Seks av ti daglege leiarar er også styreleiarar
statistikk
2006-12-13T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Seks av ti daglege leiarar er også styreleiarar

Seks av ti daglege leiarar i norske AS og ASA er også styreleiarar i same føretak. Rundt 98 prosent av alle styrerepresentantane har under ti styreroller, men ein finn også "styregrossistar" som har opp til 106 styreroller.

61 prosent av alle aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) har per 1. januar 2006 ein dagleg leiar som også er styreleiar i same føretak. Dess større eit føretak er dess mindre utbredt er det at dagleg leiar også er styreleiar. I føretak med 250 tilsette eller fleire er det berre rundt 3 prosent av daglege leiarar som også er styreleiarar. Denne praksisen er minst vanleg innanfor kraft- og vassforsyning, der berre 32 prosent av dei daglege leiarane også er styreleiarar.

I tillegg sit dagleg leiar som styremedlem (ikkje styreleiar) i 24 prosent av føretaka. Her er det ein noko aukande tendens til at dagleg leiar er styremedlem desto større føretaket er, målt i talet på tilsette. 36 prosent av daglege leiarar i føretak med over 250 tilsette er representerte som styremedlemmer i føretaket.

90 prosent av dei daglege leiarane har minst ei styrerolle

Berre ein av ti daglege leiarar har inga styrerolle. 52 prosent har ei styrerolle, 25 prosent har to eller tre styreroller medan i overkant av 2 prosent har ti eller fleire styreroller. Menn har jamt over fleire styreroller enn kvinner.

77 prosent av dei 120 000 daglege leiarane i norske AS og ASA er daglege leiarar i berre eit føretak. Dette gjeld 90 prosent av dei kvinnelege daglege leiarane og 75 prosent av dei mannlege. Rundt 50 personar, alle menn, er daglege leiarar i 20 eller fleire føretak.

500 personar har meir enn 20 styreroller

Av dei norske styreleiarane er det 57 prosent som berre har ei styrerolle. Dette gjeld for rundt halvparten av mannlege styreleiarar og for tre av fire kvinnelege styreleiarar.

Sju av ti styrerepresentantar har berre ei styrerolle. Likevel kan ein finne at enkelte har svært mange styreroller. Rundt 500 personar har 20 eller fleire styreroller. Personen som har flest styreroller har heile 106.

Eigarkonsentrasjon

Per 1. januar 2005 er styra og leiingane i alle AS og ASA representerte som eigarar i nærare 75 prosent av føretaka. Dei eig òg totalt 39 prosent av aksjekapitalen i føretaka der denne eigargruppa er representert. Ikkje-finansielle føretak er eigarar i 30 prosent av føretaka og eig over 81 prosent av aksjekapitalen i dei føretaka der dei er representerte. Den tredje mest vanlege eigartypen i norske føretak er norske private eigarar. 27 prosent av alle føretak har denne eigartypen representert på eigarsida. Men denne gruppa eig ein liten del av aksjekapitalen i dei føretaka der dei er representerte, berre 14,5 prosent. Finansielle føretak står som eigar i berre 1,2 prosent av alle føretaka, men eig derimot over 40 prosent av aksjekapitalen i desse føretaka. Offentleg forvaltning er representert som eigarar i 1,2 prosent av føretaka og eig 52 prosent av aksjekapitalen.

Eigarskap i norske AS og ASA

63 prosent av føretaka har berre privatpersonar som aksjonærar, medan 19 prosent har utelukkande andre føretak som eigarar. 10 prosent av alle føretak vert åtte av både føretak og privatpersonar.

44 prosent av alle aksjeselskap har ein eigar (aksjonær), og 26 prosent har to eigarar. I overkant av 19 prosent av føretaka har tre til fire eigarar. Det er ikkje meir enn 0,5 prosent av alle aksjeselskap som har 100 eigarar eller fleire.

Eine-aksjonærar utgjer berre 4,6 prosent av alle aksjonærar. Nærare 71 prosent av alle som eig aksjar i norsk næringsliv har aksjar i selskap som har 100 eller fleire eigarar. 80 prosent av aksjonærane eig mindre enn 10 prosent av aksjane i føretaket dei er medeigarar i. Rundt 10 prosent av aksjonærane har ein eigardel på 50 prosent eller meir i eit føretak.

Ser vi på aksjonærar ut frå talet på føretak dei har aksjemajoritet i, har 81 prosent av privatpersonane ikkje aksjemajoritet i eit einaste føretak. 16 prosent av aksjonærane har aksjemajoritet i eit føretak, og 2 prosent i tre føretak. 13 personar har aksjemajoritet i ti eller fleire føretak. Ser vi på føretak som aksjonær har 58 prosent av føretaka ikkje aksjemajoritet i eit einaste føretak, 28 prosent aksjemajoritet i eit føretak og 7 prosent har aksjemajoritet i to føretak. 235 føretak har aksjemajoritet i ti eller fleire føretak.

Tabeller: