5448
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5448
Langt fram til 40 prosent kvinner i allmennaksjeselskap
statistikk
2005-07-08T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false

Styre og leiing i aksjeselskap1. juli 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Langt fram til 40 prosent kvinner i allmennaksjeselskap

Regjeringa fremma i 2003 ei lov for å auke kjønnsrepresentasjonen i styra i alle offentleg åtte selskap og privatåtte allmennaksjeselskap. Lovforslaget inneber krav om kjønnsrepresentasjon for både dei eigarvalde og dei tilsettevalde styrerepresentantane, samt vararepresentantane. Ei eventuell iverksetjing av lova vart gjort avhengig av situasjonen 1. juli 2005. 17 prosent oppfyller no lova sitt krav om eigarvalde styrerepresentantar, og 45 prosent oppfyller lova sitt krav om tilsettevalde styrerepresentantar.

Kjønnsfordelinga blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

Det er vidare krav til de tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representerte. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell likevel bort dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette.

Dersom eit allmennaksjeselskap har meir enn ein vararepresentant skal også her begge kjønn vere representert blant desse.

Av dei 519 allmennaksjeselskapa 1. juli i år, er det 17 prosent som oppfyller kravet til eigarvalde styrerepresentantar. Industrinæringa skil seg klart ut, der i underkant av 26 prosent av føretaka oppfyller dette kravet. Delen som oppfyller kravet til eigarvalde styrerepresentantar er størst blant dei store føretaka, det vil seie dei med 100 eller fleire tilsette. Nærare 32 prosent av desse føretaka oppfyller kravet til kjønnsfordeling.

Av dei føretaka som er registrerte med opplysningar om tilsettevalde styrerepresentantar som har eit krav om kjønnsfordeling knytt til seg, er det 71 føretak som oppfyller kravet. 45 prosent av føretaka oppfyller kravet til tilsettevalde styrerepresentantar.

Av føretaka som har krav til både eigarvalde- og tilsettevalde representantar, er det omkring 18 prosent som oppfyller begge desse, medan 41 prosent oppfyller ingen av krava. Best ut kjem føretaka som har ti eller fleire styrerepresentantar. Blant desse oppfyller 57 prosent av føretaka begge krava.

17 prosent kvinner i styra i norske allmennaksjeselskap

1. juli 2005 var det registert 519 allmennaksjeselskap i Noreg. Knytt til desse føretaka var det til saman registrert 3 176 styreroller som omfattar styreleiar, nestleiar, styremedlem og varamedlem. Av desse personane var nesten 17 prosent kvinner.

Kjelder

Datagrunnlaget er alle registrerte allmennaksjeselskap i Einingsregisteret/Føretaksregisteret i Brønnøysund 1. juli 2005. Informasjon om styrerepresentantane er henta frå Einingsregisteret sin rolleinformasjon og er også frå 1. juli 2005. Opplysningar om dei tilsette i føretaka er henta frå SSB sin arbeidsmarknadsstatistikk, som mellom anna byggjer på Rikstrygdeverkets Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister og er frå januar 2005. Talet på tilsette inkluderer alle hovudarbeidsforhold, også deltidstilsette.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB