5430
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/arkiv
5430
95 prosent av ASA oppfyller kravet
statistikk
2008-07-11T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Styre og leiing i aksjeselskap2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

95 prosent av ASA oppfyller kravet

Fristen for å oppfylle kravet til kjønnsfordeling i styre i allmennaksjeselskap (ASA) gjekk ut 1. januar 2008. 428 av 452 allmennaksjeselskap oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon per 1. juli 2008.

Krav til kjønnsfordeling

Kravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

Det er vidare krav til dei tilsettvalde styrerepresentantane. Ved to eller fleire tilsettevalde representantar i styret skal begge kjønn vere representerte blant desse. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell bort dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette.

Statistikken omfattar styreleiar, nestleiar og styremedlem. Vararepresentantar er haldne utanfor

Klar auke siste halvår

Delen allmennaksjeselskap som oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon har auka frå 78 til 95 prosent i perioden 1. januar til 1. juli 2008. Delen kvinnelege styreleiarar har i same periode auka frå 5 til 6,6 prosent, og kvinner utgjer no 40 prosent av alle styrerepresentantane totalt (styremedlemmer samt styreleiarar og nestleiarar).

Treng 28 fleire kvinner

Per 1. juli 2008 manglar allmennaksjeselskapa i alt 13 eigarvalde og 15 tilsettvalde kvinner i styra for å oppfylle likestillingskrava. 6 føretak har ingen kvinner i styret, medan alle føretaka har menn i styret. 49,2 prosent av styremedlemma er kvinner.

Høgt utdanningsnivå blant kvinnene

45 prosent av dei kvinnelege og 37 prosent av dei mannlege representantane er i aldersgruppa 45 til 54 år. 71 prosent av kvinnene og 61 prosent av mennene har høgare utdanning.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB