5484_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5484
Føretak etablerte av menn lever lengst
statistikk
2007-12-21T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2002-2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Føretak etablerte av menn lever lengst

Føretak etablerte av menn har noko høgare overlevingsgrad etter tre år. 36 prosent av personleg eigde føretak etablerte av menn i 2002 var framleis i aktivitet i 2005. For føretak med kvinnelege etablerarar var talet 30 prosent.

Etter tre år har føretak som har eigarar med norsk bakgrunn høgast overlevingsgrad. 35 prosent var eigarar i føretak som framleis var i aktivitet i 2005. Føretaka til eigarar med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land har høgare overlevingsgrad enn føretaka til innvandrarbefolkninga med bakgrunn frå vestlege land, med høvesvis 32 og 28 prosent.

Flest føretak etablerte av menn har auke i omsetninga

76 prosent av føretaka med mannlege etablerarar hadde ein auke i omsetninga frå 2002 til 2005. 38 prosent var eigarar i føretak som hadde ein auke i sysselsetjing i den same perioden.

9 090 kvinner etablerte personlege eigde føretak i 2002, og 30 prosent av desse føretaka var framleis i aktivitet i 2005. 66 prosent av kvinnene var eigarar i føretak som hadde ein auke i omsetninga, og 37 prosent var eigarar i føretak med sysselsetjingsauke frå 2002 til 2005.

Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utanom Noreg har høgast del vekstføretak. Åtte av ti eigarar har eit føretak med vekst i omsetning, og over halvparten av eigarane eig føretak med vekst i sysselsetjing frå 2002 til 2005.

Aksjeselskap med kvinneleg etablerar har høgast overlevingsgrad etter eitt år

Av dei nyetablerte aksjeselskapa (AS og ASA) i 2004 med ei eller fleire kvinner som etablerar, overlevde 84 prosent i 2005. For aksjeselskapa med mannleg etablerar i 2004 var overlevingsgraden 80 prosent i 2005.

Ser ein på etablerarane, var det 85 prosent av dei kvinnelege etablerarane i aksjeselskap som overlevde i 2005, tilsvarande tal for menn var 80 prosent. Men det er langt fleire mannlege enn kvinnelege etablerarar, 83 prosent av etablerarane i 2004 var menn.

Innvandrarar frå vestlege land utanom Noreg har òg i aksjeselskap høgast overlevingsgrad (87 prosent) etter eitt år.

I 2002 vart det etablert i alt 28 969 personleg åtte føretak, og av desse hadde 28 427 føretak (98 prosent) registrert opplysningar om eigarar (fysiske personar). Tilsvarande tal for 2003 er 28 634 personleg åtte føretak, 28 538 med eigaropplysningar (99,7 prosent). I 2004 vart det etablert 30 175 personleg åtte føretak, og 30 097 av desse hadde opplysningar om eigarar (99,7 prosent). Eit personleg eigd føretak kan ha ein eller fleire eigarar, og til saman var det 31 502 eigarar av nye føretak i 2002, 31 874 eigarar i 2003 og 33 731 eigarar i 2004. I nyetablerte personleg eigde føretak er eigar og etablerar synonymt.

10 848 nyetablerte aksjeselskap (AS og ASA) i 2004 har informasjon om aksjonærane i Aksjonærregisteret. Desse føretaka har 14 572 etablerarar som er personar. Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire etablerarar, og etableraren kan vere ein person eller eit føretak. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen eller har kompetansen til å driva føretaket. Metoden for å finna etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som har ei rolle som anten dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik. Denne statistikken omfattar etablerarar som er personar identifisert ved fødselsnummer i Aksjonærregisteret.

Tabeller: